Inviterer Bergen inn blant nynorskkommunane

Foto: Tomoyoshi NOGUCHI/CC-BY 2.0-lisensFoto: Tomoyoshi NOGUCHI/CC-BY 2.0-lisens

LNK – Landssamanslutninga av nynorskkommunar – rosar Bergen bystyre for å ville bli nynorskens hovudstad på Vestlandet, og inviterer kommunen som medlem.

LNK har med interesse merka seg at Bergen bystyre ber byrådet leggje fram ei sak som viser korleis kommunen kan ta språkleg ansvar og utvikle seg til å bli Vestlandets nynorskhovudstad.

– Bystyrevedtaket kunne i seg sjølv ha fungert som ein søknad om medlemsskap i LNK, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, og rosar vedtaket i bystyret.

Han har no skrive brev til ordførar Marte Mjøs Persen og representanten som kom med forslaget til vedtak i bystyret, Njaal Neckelmann, for å informere om kva organisasjonen står for, og kva LNK arbeider med.

Får praktisk nytte av medlemskapen

Nynorsk på nett, og særleg for barn og unge, er eit satsingsområde for organisasjonen. LNK driv òg språkkurset På sakslista og kjem med fleire språklege hjelpemiddel til kommunane.

– Kommunen kan få praktisk nytte av medlemskapen. For oss er det viktig å vise at kommunar som brukar nynorsk i ein eller annan samanheng står saman. Dette er viktig både språkpolitisk og når det gjeld å syne fram kommunal marknadsmakt, skriv Høviskeland i brevet til Bergen kommune.

123 medlemmar

LNK er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak og har til føremål å fremje nynorsk språk og kultur i det offentlege. Landssamanslutninga har per i dag 123 medlemer: 106 kommunar/fylkeskommunar og 17 interkommunale tiltak/regionråd. LNK har både nynorskkommunar og språknøytrale kommunar som medlemer.

Gjennom informasjon, direkte kontakt og jamlege møte med styresmakter og organisasjonar, samordnar LNK nynorskbrukarane sine interesser og rettar når det gjeld nynorsk materiell til bruk i kommunen, i skulen og i informasjon retta mot publikum.

I tillegg arbeider LNK med kunnskapsformidling, informasjon, og direkte kontakt med sentrale politiske miljø.

For meir info:

Ta kontakt med dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, mobil 905 06 617

Utskrift E-post