LNK så vidt inne på statsbudsjettet – ber Stortinget om hjelp

Vidar Høviskeland er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Vidar Høviskeland er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

LNK fekk 1,2 million mindre enn ein søkte om.

– Eg er sjølvsagt glad for at Nynorskkommunane (LNK) gjennom budsjettforliket no er tilbake på statsbudsjettet att, men skuffa over at summen berre er på 300 000. Søknadssummen var 1,5 million. Dersom dette blir den endelege løysinga, kjem ikkje LNK utanom å  måtta kutta i nynorsktilboda våre til barn og unge. No håpar me på hjelp frå Stortinget nok ein gong, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar mista den faste støtta i statsbudsjettet frå 2015. Dei siste to åra har Kommunalkomiteen redda LNK i siste liten gjennom ekstra prosjekttilskot. Arbeidet i komiteane startar i desse dagar.

Eit kutt i statsstøtta vil gå hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion. Desse tilboda for barn og unge har til saman nær ein halv million brukarar i året. I tillegg driv LNK med språkkurs, språkleg rettleiing og anna nynorskarbeid retta inn mot dei 123 medlemene. Av desse er 103 kommunar og fire fylkeskommunar.

Dei 18 institusjonane og organisasjonane som er organisert i Nynorsk Forum stilte seg tidlegare i år bak kravet om ei løyving til LNK på 1,5 million kroner i 2017.

 

For ytterlegare kommentarar:

ring Vidar Høviskeland, mobil 905 06 617

UtskriftE-post