Vedtekter for LNK

§ 1  FØREMÅL
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein interesseorganisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak.
Organisasjonen har som føremål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.

§ 2  MEDLEMER
Alle kommunar og fylkeskommunar som gjer bruk av nynorsk i skulen og/eller administrasjonen, kan vera medlemer av landssamanslutninga. På same vilkår kan interkommunale tiltak som brukar nynorsk, vera medlemer.

§ 3  LANDSTINGET
3.1  Landstinget sin status:
Landstinget er organisasjonen sitt høgaste styringsorgan. Tinget held møte annakvart år.
Kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har vore medlemer i minst to månader før landstinget vert opna, kan møta på tinget med fulle rettar.
3.2  Innkalling til landsting:
Landstinget skal ha møte innan utgangen av juni månad. Innkalling med sakliste skal sendast til medlemene seinast to månader før tinget skal haldast. Endelege sakspapir skal sendast tre veker før tinget finn stad. Framlegg til saker som medlemene ynskjer skal handsamast på tinget, må sendast skriftleg til styret innan 1. mars.
Styret skal kalla inn til omframt landsting når minst halvparten av medlemene krev det.
3.3  Representasjon på landstinget:
Kommunane har rett til slik representasjon på landstinget:
Inntil  3.000 innbyggjarar    1 utsending
Inntil  6.000 innbyggjarar    2 utsendingar
Inntil  9.000 innbyggjarar    3 utsendingar
Meir enn 9.000 innbyggjarar    4 utsendingar
Folketalet i kommunen pr. 1. januar i det året landstinget vert halde, er grunnlag for talet på utsendingar.
Fylkeskommunane har rett til å møta med fem utsendingar, interkommunale tiltak med ein utsending.
Kvar utsending har ei røyst på landstinget. Medlemer med rett til meir enn ein utsending kan gje ein utsending skriftleg fullmakt til å røysta for så mange utsendingar ein har rett til å senda.
Styremedlemene møter på landstinget med tale- og framleggsrett, men har ikkje røysterett med mindre dei er valde som utsendingar.
3.4  Vedtak på landstinget:
Vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal. Endringar i vedtektene og vedtak om oppløysing av organisasjonen krev to tredels fleirtal av dei registrerte røystene (inkl. fullmaktsrøyster) på landstinget.
3.5  Landstinget sine oppgåver:
Landstinget vedtar sjølv endeleg dagsorden, og vel møteleiar, referent og to utsendingar til å skriva under protokollen saman med møteleiaren.
Fram til tinget er konstituert, har styreleiaren ansvaret for møtestyringa.
Ordinære landsting skal alltid
a) Godkjenna årsmeldinga.
b) Godkjenna revidert årsrekneskap og balanse
c) Vedta kontingent, rammebudsjett og handlingsprogram for komande to år.
d) Velja styre, valnemnd og revisor.
e) Ta stilling til innkomne framlegg.

§ 4  STYRET
4.1  Val av styre:
Styret skal ha fem medlemer og tre varamedlemer. “Begge kjønn skal til eikvar tid vera representerte både blant dei faste medlemene og varamedlemene i styret.
Styremedlemene vert valde for fire år, likevel slik at vekselvis to og tre står på val på kvart landsting. Varamedlemene vert valde for to år.
Ved suppleringsval vert nye medlemer valde for resten av funksjonstida til den som går ut.
Landstinget vel mellom styremedlemene leiar og nestleiar for to år om gongen.
4.2  Styremøte:
Leiaren kallar inn til styremøte når han/ho synest det trengst, når dagleg leiar ber om det, eller når minst to av dei faste styremedlemene krev det.
Styret er vedtaksført når minst tre av medlemene er til stades. Ved likt røystetal gjer møtestyraren si røyst utslaget.
4.3  Styret sine oppgåver:
Styret leier landssamanslutninga i samsvar med vedtektene og vedtak som er gjorde av landstinget.
Styret har i tillegg desse oppgåvene:
a) Arbeida ut framlegg til rammebudsjett for komande år, og for toårsperioden fram til komande landsting.
b) Vedta årsbudsjett innafor dei rammer landstinget har vedteke. Styret kan her også gjera nødvendige endringar i desse rammene.
c) Sjå til at rekneskapen vert ført i samsvar med lov, forskrifter og god rekneskapsskikk, og syta for at han vert revidert.
d) Kalla inn til landsting, og førebu dei sakene som skal førehavast på tinget.
e) Alle andre oppgåver som naturleg høyrer inn under styret.

§ 5  VALNEMND
Etter framlegg frå styret vel landstinget ei valnemnd på tre medlemer.

§ 6  ADMINISTRASJON
Styret tilset dagleg leiar, fastset kontorstad og vedtar løn og andre arbeidsvilkår. Innafor vedteke budsjett og dei rammer landstinget har sett for drifta, kan styret også oppretta andre stillingar i administrasjonen.

§ 7  MEDLEMENE SINE PLIKTER
7.1  Kontingent:
Medlenskommunane skal betala kontingent i høve til innbyggjartalet, med ein grunnkontingent.  Fylkeskommunar og interkommunale føretak skal betala ein fast årskontingent, utan omsyn til folketalet.
Den del av kontingenten som byggjer på innbyggjartalet, skal ta utgangspunkt i folketalet per 1. januar.
Landstinget fastset kontingenten etter framlegg frå styret. Styret kan justera kontingentsatsane for det andre året.
7.2  Kontaktperson:
Kvar medlem pliktar å peika ut ein av sine tilsette til å vera kontaktperson for LNK.

§ 8  INNMELDING OG UTMELDING
Innmelding i LNK skal skje skriftleg til styret.
Utmelding av LNK må skje skriftleg og får først verknad to fulle kalenderår etter at slik melding er komen til styret.

§ 9  ENDRING AV VEDTEKTENE
Endringar i desse vedtektene krev to tredels fleirtal. Framlegg til endring av vedtektene frå andre enn styret må vera innkomne til styret innan 31. desember i året før landstinget skal haldast.


Vedtekne 18. juni 1993, med endring vedteken 9. juni 1995 og endringar vedtekne 7. juni 2001.

Utskrift E-post