Heim Innspel Kommentar: Aftenposten har problemet

Kommentar: Aftenposten har problemet

Tom Hetland (Foto: Nei til EU)Redaksjonsklubben i Bergens Tidende er uroleg for det språklege mangfaldet i avisa. Frå årsskiftet er det oppretta ein felles redaksjon, Riks, som skal produsera såkalla nyttestoff om bustad, reise, teknologi og bil for Schibsted-avisene Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen, og dessutan for Adresseavisen i Trondheim. Journalistar i Bergens Tidende har fått signal om at det berre er bokmål som skal brukast i denne redaksjonen. I ein resolusjon krev klubben at redaksjonsleiinga må sikra journalistane i Riks den same språklege fridomen som Bergens Tidende-medarbeidarane har.

Problemstillinga er ikkje ny. Då det som den gong heitte Media Norge-samarbeidet vart etablert for nokre år sidan, var det mange, både i og utanfor mediehusa, som uroa seg for kva ei mogleg auka stoffutveksling med Aftenposten ville få å seia for språkbruken i Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og dei andre regionavisene.

Sjefredaktørane i samarbeidsavisene fastsette derfor i 2008 ein hovudregel om at medarbeidarar som deltek i stoffutveksling, i utgangspunktet følgjer språkreglane i sin eigen redaksjon. Dersom mottakaren ønskjer stoffet på ei anna målform, eventuelt tilpassa sine eigne lokale språkreglar, er det opp til mottakaren å setja om. Prinsippet er altså at samarbeidet ikkje skal styrast av den parten som har den snevraste praksisen. Dersom nokon vil halda ei av dei to offisielle målformene ute av spaltene, er det deira ansvar å ta konsekvensen av det.

I praksis handlar dette naturlegvis om Aftenposten mot dei andre. Ingen av regionavisene har noko nynorskforbod, sjølv om dei bruker språket i varierande grad.

Enkelte målfolk er raske med å ropa på lovar og reglar for å sikra språkleg jamstelling, også i media. Her gjeld det å halda tunga beint i munnen. I norske medium er det sjefredaktøren som har det heile og fulle ansvaret for innhaldet, også den språklege linja. Eg trur me alt i alt er tente med at det held fram.

Aftenposten står i ein tradisjon som ei konservativ Oslo-avis, «dette for stemningerne i hovedstadens middelstand følsomme organ», som ein tidlegare statsminister uttrykte det. Ein del av denne arven er ein tydeleg riksmålsprofil. Sjølv om språknorma til Aftenposten etter kvart er blitt mindre konservativ, skal me ha respekt for at slike tradisjonar er ein del av kontrakten med kjernelesarane som det kan vera vanskeleg å bryta.

Samtidig har Aftenposten på mange område forandra seg kraftig. Avisa er blitt meir open, kritisk og liberal. «Tanta i Akersgata» høyrer fortida til. Aftenposten utviklar seg i takt med landet og byen ho kjem ut i.

Oslo er i dag ein fleirkulturell by på alle måtar. Det er vår utan samanlikning fremste innvandrar- og innflyttarby. På gater, trikk og t-bane høyrer du det summa i ulike språk og dialektar. Eg har ikkje dokumentasjon på det, men eg vil tru at ingen kommune i landet har fleire nynorskskrivande innbyggjarar enn Oslo. At den største avisa i hovudstaden, ei avis som attpå til vil vera det viktigaste nasjonale presseorganet, skal forvisa den eine av dei to målformene til lesarbrevspalta, verkar meir og meir som eit ekko frå fortida.

Men dette må Aftenposten sjølv finna ut av. Og det er heller ikkje hovudpoenget i den diskusjonen redaksjonsklubben i Bergens Tidende har trekt i gang. Aftenposten må få ha den språkpolitikken dei vil. Men i eit samarbeid kan dei ikkje tvinga språkpolitikken sin på andre og meir språkleg tolerante redaksjonar. Det er Aftenposten som har problemet.

Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad

Førre artikkelSøkjer etter journalistar
Neste artikkelØkonomispråket

NYNORSK INSPIRASJON

Ber om forslag til Årets nynorskkommune – kven er best på nynorsk i koronatida?

Kulturdepartementet skal kåre årets nynorskkommune 2020. Prisen, som er på 100 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg...

Tips til digital litteraturformidling på nynorsk

Kreativiteten i den digitale litteraturformidlinga blømer i desse koronatider! Utlånet av digitale bøker har auka dramatisk etter at biblioteka stengde. Her har me samla fleire tips...
Foto: Colourbox

Her finn du digitale skuleressursar på nynorsk

Her får du hjelp til å finna digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen. Stengde skular og digital heimeskule viser kor viktig det...
Oppe frå venstre: Arnfinn Kolerud, Linn T. Sunne, Magnhild Bruheim, Solveig B. Bendixen og Bente Bratlund. Nede frå venstre: Atle Hansen, Harald Nortun, Maria Parr, Ingunn Thon og Rune Belsvik. Foto: forlaga og Framtida.no

Her er dei 10 beste barnebøkene på nynorsk

Ein jury har nominert dei ti beste barnebøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt...
Ordførar Jorunn Skåden delte ut bokkasse til 1. og 2. trinn ved Valestrand oppvekstsenter. Foto: Svein Olav B. Langåker

Sveio deler ut nynorske bøker for 100.000 kroner

Bruker premiepengane på nynorske bøker for barn og unge etter å ha blitt kåra til Årets nynorskkommune i fjor. –...

Tysvær snudde negativ nynorsktrend

  Elevane på nynorskskulane i Tysvær kommune valde vekk nynorsk. No har kommunen klart å snu trenden.   I 2016 ville ingen foreldre ved skulane...

MEST LESE

Kommunar slit økonomisk etter samanslåing

Fleire samanslåtte kommunar har store økonomiske problem som følgje av gjeld kommunane hadde før dei slo seg saman. Det kan bety kutt...

– Noreg treng ei reform for bibliotek på bygdene

– Noreg har dei siste åra hatt ei sterk satsing på dei store biblioteka i byane. No er det på tide å...

Ber om forslag til Årets nynorskkommune – kven er best på nynorsk i koronatida?

Kulturdepartementet skal kåre årets nynorskkommune 2020. Prisen, som er på 100 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg...

Nye nettsider skal inspirera til meir nynorsk – har du tips til oss?

LNK har fått seg nye nettsider, og håpar desse skal inspirera til meir og betre bruk av nynorsk. Nye...