Andrea Sande og Thomas Tjeltveit meiner politikarane må snakke slik at ungdommane forstår dei.
Sande og Tjeltveit var på konferansen som representantar frå Hjelmeland ungdomsråd. Sande har vore med i ungdomsrådet i tre år og er på MTÅM-konferanse for første gong.
– Det som har vore mest lærerikt var når dei unge snakka, og eg likte også å høyre på Per Inge (Torkelsen.red.merk). Dei snakkar på ein måte som gjer det lettare å forstå og høyre etter, seier Andrea Sande (17).
– Mange politikarar snakkar slik at det høyrest så flott ut, men for å få fram til ungdom treng dei ikkje vere så staselege, held ho fram.
Ho ønskjer seg klarare tale frå politikarane, også dei lokale. Dette gjeld då mellom anna Håkon Helgøy som sit i Hjelmeland kommunestyre for KrF. Han er også deltakar på valkonferansen i Oslo.
– Eg har blitt inspirert til å prøve å nå endå lenger ut og få dei unge med etter denne konferansen, seier KrF-politikaren.
Det første som lokallaget nå må få til er ei eiga Facebook-side.
– Det har eg forstått at vi må ha for å nå betre ut til ungdommane, så det skal vi få på plass, slår Helgøy fast.