Heim Nyhende Skal finne ny direktør

Skal finne ny direktør

– Å vere direktør i Språkrådet er ein av toppstillingane i norsk kulturliv, meiner Ottar Grepstad som no tek til som styreleiar i Språkrådet.

 

Ei av dei største oppgåvene til det nye styret blir å finne ny direktør til Språkrådet.

– Dette er staden å vere for den som vil utrette noko viktig i norsk språkpolitikk. No gjeld det berre å finne den personen som er god både med folk, språk, media og tal. Den personen skal me finne i tett samarbeid med departementet, seier Grepstad.

Han legg vekt på at styret no skal etablere eit solid samarbeid med departementet, der statsråden har og skal ha siste ordet.

– Mitt inntrykk er at alle partar synest prosessen i første runde ikkje var god nok. Då er sjansen stor for å lukkast neste gong. Alle vurderingar som blei gjorde undervegs, kjem dette arbeidet til gode, slår han fast.

– Kva blir dei største utfordringane til Språkrådet framover?

– Den største oppgåva blir å nytte alle sjansane som byd seg eller som kan skapast for å følgje opp den ambisiøse språkmeldinga som Stortinget har slutta seg til.

Grepstad viser til at Språkrådet med sine fagråd og ein administrasjon på over 30 tilsette kan utrette mykje. Likevel vil mange av oppgåvene rådet står overfor kreve at Språkrådet må spele på lag med fleire for å få til dei resultata ein treng.

– Samstundes skal me halde fram med å vere der folk er, midt i språkbruken. Berre då kan me gi gode råd til kven som helst, frå statsråden som bed om ein handlingsplan til kasseraren som bed om hjelp til å finne eit norsk ord for “outsorcing”. Midt i denne kvardagen skal det også skapast rom for nye initativ. Også difor vil direktørkontoret i Språkrådet bli beste staden å vere i norsk kulturliv dei neste åra, meiner han.

Grepstad er ikkje redd uroa den siste tida har skada Språkrådet.

– Norsk Språkråd har snart 40 år bak seg og har gjort mykje for korte ned avstanden mellom språkbrukar og språk. Omdømet til Språkrådet er godt, og mange oppfattar oss som interessante, relevante og nyttig. Ein slik organisasjon toler meir enn ei kortvarig uro om tilsetjing.

Grepstad får med seg Åse Lille Kimestad, Trond Trosterud, Åse Wetas, Sigrun Høgetveit Berg, Helene Uri, Ola T. Lånke og Kamil Øzerk i det nye styret.  

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...