Om LNK

LNK skal arbeida for å skapa positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk.

LNK tek på seg å vera talerøyr for medlemene og spreia informasjon som styrkjer dialektane, nynorsk skriftspråk og dei kulturtradisjonane dette står for.

MEDLEMSFORDELAR

Alle medlemskommunane i LNK har rett på eit kurs i året til sterkt redusert medlemspris, anten det er På saklista-kurset eller lærarkurset På tavle og på skjerm.

Medlemmane har òg medlemsrabatt på overnatting på Bondeheimen og bøker hos Samlaget. Alle medlemmane blir invitert på Landstinget vårt annakvart år, og er del av fellesskapen av nynorskkommunar i Noreg.

Ta kontakt på post @lnk.no dersom du har spørsmål om medlemskap.

SATSAR DIGITAL

På LNK.no vil du kunna finna ut kva som skjer i LNK og kven medlemene våre er. Prinsipp- og arbeidsprogram for organisasjonen er lagt ut og me har peikt på ein del internettsider som truleg er av interesse for medlemene våre.

LNK driv også viktige satsingar som Framtida.no, Framtidajunior.no, Magasinett.no og Pirion.no.

MEIR OM LNK

  • LNK arbeider for auka bruk av nynorsk i offentleg verksemd
  • LNK arbeider for auka nynorsk kompetanse i det offentlege, for å få fram praktiske hjelpemiddel for nynorskbrukarane og for å utvikla oppdaterte, rimelege og brukartilpassa opplæringstilbod i nynorsk offentleg språk
  • LNK er ein kultur- og interesseorganisasjon for nynorskbrukarar i kommunal sektor og ein samarbeidspartnar for stat og private verksemder og organisasjonar, i arbeidet for nynorsk språk
  • LNK tek opp og fremjar spørsmål som tek vare på interessene til medlemene, og driv haldningsskapande arbeid overfor departementa, bransjeorganisasjonar og andre
  • LNK samordnar nynorskbrukarane sine rettar når det gjeld nynorsk i materiell til bruk i kommunen, i skulen og i informasjon retta mot publikum.
  • LNK set søkjelyset på aktuelle saker gjennom kurs, konferansar og anna. Døme på slike saker er utvikling av nynorske hjelpemiddel, kommunalt informasjonsarbeid og språkbruk, reglane om parallellutgåver av skulebøker, fastpris-ordninga for bøker, reglane i utdanningslovene om målformer og målbruk, kulturarbeid blant barn, nynorskmateriell for framandspråklege.

DOKUMENT

PRESENTASJON AV LNK

HANDLINGSPLANAR

HANDLINGSPLAN 2021-2022

HANDLINGSPLAN 2019-2020

HANDLINGSPLAN 2017-2018

ÅRSMELDINGAR

ÅRSMELDING: 2019-2020

ÅRSMELDING: 2017-2018

ÅRSMELDING 2015-2016

ÅRSMELDING 2013-2014

ANDRE DOKUMENT

ÅRSRAPPORT 2019

ÅRSREKNESKAP 2019

ÅRSREKNESKAP 2018

 

POSTADRESSE:

LNK, Midthaugen 5, 5411 Stord

STYRE:

Styreleiar: Sara Hamre Sekkingstad

Nestleiar: Nils Johan Svalastog Garnes

Styremedlem: Hallvor Lilleslet

Styremedlem: Marie-Helene Hollevik Brandsdal

Styremedlem: Øyvind Strømmen

Varamedlemer
1. Reidun Sandvik
2. Iselin Haugo Stavn
3. Kåre Martin Kleppe