Heim Nynorsk ressursbank Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege sterkt subsidierte språkkurs, som blir administrerte og gjennomførte av av Fretland & Fretland AS i Lærdal.

Me tilbyr no både kortare kurs på 1-3 timar, dagskurs og todagarskurs. Alle medlemskommunar får sponsa 75 prosent av kurskostnaden.

Ein vanleg kursdag varer i seks timar, med pausar. Dei kortare kursa er på 1–3 timar, alt etter kva de treng. Innhaldet blir tilpassa lengda. Det faglege innhaldet i kursa byggjer på boka På saklista. Klart språk i det offentlege av Jostein Avdem Fretland og Jan Olav Fretland (Fagbokforlaget, 2025).

Kontakt kursansvarleg Jostein Avdem Fretland på jostein@fretland-fretland.no for å få meir informasjon og bestilla kurs.

Todagarskurs

På saklista

Standardkurset vårt for offentleg tilsette tek grundig føre seg både klarspråk og nynorsk rettskriving. Tusenvis av norske saksbehandlarar har gjennomført ulike variantar av dette todagarskurset sidan 1990-talet.

Før kurset sender kvar deltakar inn ein prøvetekst, som hjelper kurshaldaren å skreddarsy innhaldet til gruppa.


Du lærer om:

  • korleis du kan skriva så folk forstår deg
  • vanlege skrivefeil i nynorsk
  • korleis språklova krev at du skriv til dagleg
  • (u)vanane som gjer språket vårt unødvendig tungt
  • dei ulike digitale hjelpemidla for å skriva rett og godt

Målgruppe: Alle offentleg tilsette som skriv mykje på jobb, særleg leiarar og saksbehandlarar.

To valfrie kursmodular

Her kan de setja saman to ulike dagskurs til eit opplegg som er perfekt tilpassa det de treng. Somme deltakarar kan delta begge dagane, andre berre på den eine. Passar godt dersom de har ulike tilsette som har svært ulike språklege behov.

Døme på aktuelle kombinasjonar:

  • Klarspråk for leiarar + malverkstad
  • Klarspråk for leiarar + nynorsk starthjelp
  • Klarspråk – fagspesifikt + klarspråk med KI
  • Nynorsk starthjelp + klarspråk med KI
Klarspråkkurs for leiarane i Vinje kommune. Foto: Kari Omdal Tveito

Dagskurs

Klarspråk for leiarar

Her er klarspråkdelen av På saklista-kurset kondensert til éin kursdag, slik at flest mogleg av leiarane i ein organisasjon kan prioritera å få med seg kurset. Svært nyttig når de ynskjer å lyfta språkarbeidet breitt, men slit med å få leiarar til å setja av to heile dagar. I tillegg til det reint språklege innhaldet går me òg gjennom korleis de best sikrar at satsinga på klarspråk set spor etter seg i det daglege arbeidet.

Du lærer om:

  • kva klarspråk er, og kvifor det løner seg for organisasjonen din
  • korleis du kan skriva så folk forstår deg
  • (u)vanane som gjer språket vårt tungt
  • ansvaret språklova legg på offentlege organ, og korleis du fylgjer det opp
  • korleis du best organiserer språkarbeidet i det daglege dei ulike digitale hjelpemidla for å skriva rett og godt

Målgruppe: Leiarar på ulike nivå, i tillegg til dei som har særskilt ansvar for det interne språkarbeidet.

Klarspråk med KI

Å skriva med hjelp av kunstig intelligens (KI) opnar mange nye dører – og fallgruver. Dette er eit felt der utviklinga går svært fort, og på dette dagskurset lærer du å bruka Copilot, ChatGPT og liknande verktøy til å skriva klarare og betre nynorsk — utan å gje frå deg kontrollen over teksten.

Du lærer om:

  • korleis du kan bruka KI på dine eigne jobbtekstar
  • kva KI kan og ikkje kan hjelpa deg med i skrivingaskilnaden på dei ulike KI-typane og -modellane
  • regelverket som gjeld for å bruka KI i offentleg sektor
  • tryggleik og rutinar, for å unngå alvorlege (og pinlege) feil
  • leietekstar – prinsipp og praktiske døme for korleis ein pratar med ein KI

Målgruppe: Alle som brukar, eller skal begynna å bruka, KI til å skriva på jobb.

Nynorsk starthjelp

Eit dagskurs for deg som har lite erfaring med å skriva nynorsk og difor treng meir grunnleggjande trening enn dei andre kursa gjev. Kurset tek på alvor at du må fungera på jobb allereie i morgon, samstundes som du skal forbetra nynorsken din over tid.

Du lærer om:

  • korleis du kan produsera rett og god nynorsk tekst allereie i dag
  • dei vanlegaste skrivefeila, og enkle måtar å unngå dei på
  • kva plikter og rettar du har etter språklova
  • hjelpemidla og rutinane som gjer kvardagen lettare
  • korleis du balanserer den travle arbeidskvardagen med behovet for å auka språkkompetansen

Målgruppe: Tilsette som har skrive mest bokmål før; tilsette med framandspråkleg bakgrunn.

Klarspråk – fagspesifikt

Ein dag med intenst fokus på dei språklege utfordringane på eit spesifikt fagfelt. Her kan heile avdelinga få eit felles løft, anten det er byggjesak, tildeling, oppvekst eller andre. Me tilpassar kursinnhaldet til akkurat dykk og løyser konkrete spørsmål og problem frå dykkar kvardag.

Før kurset går kurshaldaren gjennom tilsende tekstar frå avdelinga, slik at me kan skreddarsy innhaldet til gruppa.

Du lærer om:

  • korleis de gjer fagspråket enklare å lesa for vanlege folk, utan at det blir mindre korrekt
  • korleis de forenklar skjema og malar, slik at kommunikasjonen når flest mogleg
  • korleis språklova regulerer språket på avdelinga dykkar
  • dei språklege hjelpemidla som finst på dykkar fagfelt

Målgruppe: Leiarar og andre tilsette frå eitt spesifikt fagfelt i organisasjonen.

LES OGSÅ: Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Jostein Avdem Fretland har hatt fleire kurs for Vinje kommune det siste året. Foto: Kari Omdal Tveito

Malverkstad

Her går me gjennom og forbetrar eit utval av organisasjonen sine brevmalar og skjema. Dette er ein populær kurstype, der kurshaldaren vekslar mellom å undervisa og å arbeida i lag med dei ulike faggruppene. Målet er at flest mogleg av dei nye malane er godkjende og sette i verk når me går for dagen!

Før kurset går kurshaldaren gjennom ein del eksisterande malar frå organisasjonen, slik at innhaldet blir skreddarsydd og alle kan koma fort i gang med arbeidet.

Du lærer om:

  • korleis de forenklar skjema og malar, slik at kommunikasjonen når flest mogleg
  • korleis de tilpassar språk og utforming til ulike målgrupper
  • å finna balansen mellom klarspråk og sakssystemet og arkivet sine behov
  • kva KI kan og ikkje kan hjelpa dykk med i malarbeidet

Målgruppe: Dei som eig og brukar malane i organisasjonen, særleg leiarar og saksbehandlarar.

Kortare kurs (1–3 timar)

Desse kursa er i utgangspunktet digitale, med mindre anna er avtala.

Språklova og klarspråk

Kjernen i På saklista-kurset, komprimert til eit innslag på til dømes ei personalsamling. Du får den grunnleggjande kunnskapen om klarspråk og språklova, og prøver det ut på ei praktisk oppgåve.

Du lærer om:

  • korleis språklova krev at du skriv til dagleg
  • dei viktigaste klarspråkprinsippa
  • dei ulike digitale hjelpemidla for å skriva rett og godt

Målgruppe: Alle offentleg tilsette som skriv mykje på jobb.

Klarspråk med KI (kort)

Ein kortversjon av dagskurset, når de vil ha eit felles utgangspunkt for å bruka KI i skrivearbeidet.

Du lærer om:

  • korleis du kan bruka KI på dine eigne jobbtekstar
  • kva KI kan og ikkje kan hjelpa deg med i skrivinga
  • regelverket som gjeld for å bruka KI i offentleg sektor
  • tryggleik og rutinar, for å unngå alvorlege (og pinlege) feil

Målgruppe: Alle som brukar, eller skal begynna å bruka, KI til å skriva på jobb.

Klarspråk – fagspesifikt (kort)

Ein kortversjon av dagskurset. Me held fokus på tekstane dykkar, og korleis de kan gjera dei endå betre.

Før kurset går kurshaldaren gjennom tilsende tekstar frå avdelinga, slik at me kan skreddarsy innhaldet til gruppa.

Du lærer om:

  • korleis de gjer fagspråket enklare å lesa for vanlege folk, utan at det blir mindre korrekt
  • korleis språklova regulerer språket på avdelinga dykkar
  • dei språklege hjelpemidla som finst på dykkar fagfelt

Målgruppe: Leiarar og andre tilsette frå eitt spesifikt fagfelt i organisasjonen.

Vil de tinga eit kurs?

For å tinga kurs, ta kontakt med jostein(a)fretland-fretland.no.

Medlemskommunar har rett på eitt todagarskurs i året, eller to dagskurs eller kortare kurs. LNK betaler 75 prosent av kurskostnaden. Eigendelen for kommunane er 9101 kroner for todagarskurs, 4875 kroner for dagskurs, og 1875 kroner for kortare kurs – i tillegg til reisekostnader og bøker.

Kommunar med meir enn 25 000 innbyggjarar har rett på to kurs i året der LNK betaler 75 prosent av kurskostnaden. Ikkje-betalande medlemer har rett til å vera med på kursa til betalande medlemer, dersom det er ledig plass. Reisekostnader for kurshaldarane dekkjer kommunen sjølv.

Kursa er støtta av Fagforbundet og KLP. 

LES OGSÅ: Prøvde ut digitalt «På sakslista»-kurs: – Heilmaks!

SJÅ OGSÅ KURSTILBODA VÅRE FOR BARNEHAGAR, SKULAR OG LÆRARAR HER!

Jostein Avdem Fretland (nede til venstre) og Dagrun Gunnarson (nede til høgre) i samtale i Teams. Foto: skjermdump med løyve
Jostein Avdem Fretland (nede til venstre) og Dagrun Gunnarson (nede til høgre) i samtale i Teams. Foto: skjermdump med løyve

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...