Heim Nyhende Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland.

– Me ønskjer å bidra til å styrka språkarbeidet i kommunane. Me veit at det er travle tider i kommunane, og for at det skal vera lettare å setja av tid til kompetanseheving, vil me no tilby fleire fleksible og kortare kurs, i tråd med ønske frå fleire av medlemmane våre, seier dagleg leiar i Nynorskkommunane, Svein Olav B. Langåker.

Tusenvis av norske saksbehandlarar har gjennomført ulike variantar av todagarskurset På saklista sidan 1990-talet. No tilbyr Nynorskkommunane også både kortare kurs på 1-3 timar og dagskurs.

Kraftige verktøy krev kunnskap og medvit

– Å skriva med hjelp av kunstig intelligens opnar mange nye dører – og fallgruver. Dette er eit felt der utviklinga går svært fort, og på dette dagskurset lærer du å bruka Copilot, ChatGPT og liknande verktøy til å skriva klarare og betre nynorsk — utan å gje frå deg kontrollen over teksten, fortel kursansvarleg Jostein Avdem Fretland.

Les meir om språkkursa våre!

Krav til klarspråk

Språklova slår fast at alle offentlege organ skal kommunisera på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa. Ifølgje ei undersøking av Menon Economics på oppdrag frå KS, kan kommunane spara store summar med godt klarspråkarbeid. Tida ein kommune investerer i klarspråkarbeid kan gi ein gevinst på mellom 30 og 300 prosent.

Mange av språkkursa til Nynorskkommunane tar for seg klarspråk og gjev både leiarar og sakshandsamarar nyttige og gode råd for slikt arbeid.

– Me kan laga skreddarsydde kurs for ei avdeling, til dømes byggesakavdelinga, og kursa avdelinga i korleis dei gjer fagspråket enklare å lesa for vanlege folk, utan at det blir mindre korrekt – og korleis de forenklar skjema og malar, slik at kommunikasjonen når flest mogleg, fortel Jostein Avdem Fretland.

Støttar språkløft i kommunane

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane får difor tilbod om årlege subsidierte språkkurs, som blir administrerte og gjennomførte av av Fretland & Fretland AS i Lærdal. Alle medlemskommunar får sponsa 75 prosent av kurskostnaden.

– Ein vanleg kursdag varer i seks timar, med pausar. Dei kortare kursa er på 1–3 timar, alt etter kva de treng. Innhaldet blir tilpassa lengda. fortel kursansvarleg Jostein Avdem Fretland.

Det faglege innhaldet i kursa byggjer på boka På saklista. Klart språk i det offentlege av Jostein Avdem Fretland og Jan Olav Fretland (Fagbokforlaget, 2025).

Les om kurstilbodet her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...