Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å sikra nynorsk som eit jamstilt og fullgodt bruksspråk innanfor alle delar av det offentlege. Stimulering av lesing på nynorsk er ein svært viktig føresetnad for det.
Me vil oppsummera innspela våre slik:
- Føresetnadene for å læra å lesa nynorsk er annleis enn å læra å lesa bokmål. Barn blir bada i bokmål, og har trong for å lesa meir nynorsk for å bli gode nynorsklesarar.
- For å styrka leseopplæring og leselyst på nynorsk – er det trong for medvite og systematisk arbeid i barnehagar, skular og kommunar.
- Tilrådingar om god leseopplæring og tiltak for å løfta lesedugleikane til barn må inkludera eigne råd om korleis ein kan styrka lesing på nynorsk.
- Det er behov for meir målretta støtteordningar for å få utgjeve fleire nynorske bøker for barn og unge, og særleg er det behov for meir serielitteratur, teikneseriar og omsette bøker på nynorsk.
- Det er òg viktig å støtta opp om formidling av nynorske bøker.
- Eigen karakter i sidemål er viktig for å sikra nynorsk som nasjonalt skriftspråk og lesing på nynorsk.
Føresetnadene for å læra å lesa nynorsk er annleis
Ifølgje språklova har alle offentlege organ eit ansvar for å fremja nynorsk som det minst brukte skriftspråket. Omfanget av nynorsk tekst i bøker, nett, media og samfunnet elles er mykje mindre enn det som finst på bokmål. Berre kring 4-6 prosent av alle barne- og ungdomsbøker som kjem ut i Noreg, kjem ut på nynorsk. Og under 2 prosent av den omsette barne- og ungdomslitteraturen kjem på nynorsk, ifølgje tal frå Norsk barnebokinstitutt.
Når tilgangen til litteratur på nynorsk er så pass mykje mindre enn tilgangen til bokmålsbøker, så er det avgjerande at skular, barnehagar, bibliotek, kommunar og statlege styresmakter arbeider medvite og systematisk for å styrka leseopplæring og leselyst på nynorsk.
I barnehagane i nynorskkommunar blir det lese meir på bokmål enn nynorsk, ifølgje fleire spørjegranskingar av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Pirion. Det er svært ulik praksis i kva grad barnehagebarn og elevar blir eksponerte for nynorsk. Når barnehagestyrarane blir spurt om kva som skal til for å få meir nynorsk, så er svaret klart: fleire bøker og meir medvit.
Det er svært ulikt nynorsktilbod i skulen og bibliotek. Nokre kommunar har gode og konkrete planar for bruk av nynorsk i barnehage og skule, medan andre lar dette vera mykje opp til dei tilsette.
Råd om korleis ein kan styrka lesing på nynorsk
Systematisk arbeid i barnehagar, skular, bibliotek og kommunar: For å fremja lesekompetanse og leselyst på nynorsk, er det viktig å gje tilgang til aktuelle og gode bøker på nynorsk, og arbeida systematisk med lesing på nynorsk.
Blant anna er det viktig at:
- Alle barnehagane i kommunen skal ha eit godt utval av nynorsk litteratur.
- Det er ein skulebibliotekplan for grunnskulane i tillegg til språkplanar for barnehagane og grunnskulane som har som mål å gjera barn, unge og vaksne til trygge og medvitne nynorskbrukarar, gjennom gode nynorske språkmiljø.
- Planen for overgang mellom barnehage og skule og samarbeid med foreldra skal sikra at barn i barnehagen får ta del i aktivitetar der dei får oppleva nynorske tekstar, til dømes gjennom høgtlesing, songar, rim og regler.
- Kommunen skal styrka formidlinga av nynorsk litteratur i folke- og skulebibliotek.
- Bøker på nynorsk blir prioriterte ved innkjøp og skal sikrast lengre levetid i biblioteket.
- Kommunen skal støtta opp om litteraturfestivalar og arrangement på nynorsk.
- Kommunen skal spørja etter og prioritera nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken.
Døme:
Private og kommunalt eigde barnehagar i Ørsta kommune har saman laga ein lokal rammeplan som seier at alle barn i Ørsta skal lesast for på nynorsk kvar dag.
Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret og Noregs Mållag har laga eit idéhefte om nynorskformidling i folkebibliotek og skulebibliotek.
Nynorskkommunane – LNK har laga ein mal for ein kommunal språkbruksplan. Under halvparten av nynorskkommunane har vedtatt ein slik plan, og fleire av planane er gamle. Fleire kan med fordel utarbeida ein slik plan og bruka den som eit verktøy for systematisk og godt arbeid med lesing og språk.
Meir nynorsk og nynorskdidaktikk i lærarutdanningane og etter- og vidareutdanning for lærarar: Lærarutdanningane må gjera studentane medvitne på at føresetnadene for å læra å lesa nynorsk er annleis, og gjera studentane budde på kva som skal til for å gje god leseopplæring og leselyst på nynorsk – anten dei skal undervisa elevane som har det som hovudmål eller sidemål. Studentane må ha lese og ha eit godt oversyn over nynorske barne- og ungdomsbøker og vita korleis ein kan finna god litteratur på nynorsk som passar for elevane deira.
Meir støtte til formidling av nynorske bøker
Det er òg viktig å støtta opp om formidling av nynorske bøker, og støtteordningane til Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet bør styrkast og nynorsktiltak må prioriterast i tildelingane.
Tid for ti-aksjonen til Stiftelsen Lese og Nynorsksenteret er eit viktig tiltak som når mange elevar med ein antologi med tekstar frå nynorsk bøker for 7.-8. trinn. Stiftinga Magasinett, Framtida.no, Framtidajunior.no, Lesedigg.no og Noregs Mållag har fleire gode prosjekt for å formidla nynorsk litteratur. Nynorsksenteret er òg viktig for å formidla barne- og ungdomslitteratur gjennom Nynorskbok.no.
Talet på nynorske litteraturproduksjonar i Den kulturelle skulesekken er lågt. Kulturtanken har tidlegare gjeve støtte til utvikling av fleire nynorske DKS-produksjonar, og det er stor interesse for å få denne støtta tilbake.
Målretta støtteordningar for fleire nynorske bøker
Det er behov for meir målretta støtteordningar for å få utgjeve fleire nynorske bøker for barn og unge, og særleg er det behov for meir lettlesne bøker, sakprosa, serielitteratur, teikneseriar og omsette bøker på nynorsk. Dette er populære sjangrar som motiverer til lesing, gjer det lettare å finna bøker som interesserer og bidrar til naudsynt mengdetrening.
Ei innkjøpsordning for nynorsk barnelitteratur til skulebiblioteka innanfor desse sjangrane vil vera eit svært målretta tiltak. Både Kulturmeldinga og språklova viser til at særskilte tiltak er naudsynte for å sikra nynorsken.
Ei innkjøpsordning til skulebiblioteket til dei kring 550 skulane med nynorsk som opplæringsmål vil vera eit svært målretta tiltak for å styrka leselyst og leseopplæring på nynorsk.
Eigen karakter i sidemål
Noreg er eit tospråkleg land med to likestilte skriftspråk – nynorsk og bokmål. Dette språklege mangfaldet er ein sentral del av vår kultur og historie. For å sikra reell språkleg likestilling og gi alle elevar fridomen til å velja kva skriftspråk dei vil bruka, har Noreg obligatorisk sidemålsopplæring med karakter i skulen. Sidemålsordninga har vore ryggrada i norsk språkpolitikk sidan ho vart vedteken av Stortinget i 1907.
Opplæring i sidemål styrkjer ikkje berre sidemålet, men også hovudmålet. Arbeidet med begge skriftspråka gir elevane betre språkforståing, eit større ordtilfang og styrker leseopplæringa. Karakteren sikrar at sidemålsopplæring blir prioritert. Det gjer at opplæringa meir strukturert, og elevane får betre tilbakemelding på utviklinga si. Dette sikrar eit høgare læringsutbyte og oppmuntrar elevane til å gjera ein innsats.








