Heim Nyhende Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon - Utdanningsdirektoratet stiller ingen...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp veke etter står ho med heftet på nynorsk.

Tenk er skuleavdelinga til Faktisk.no og jobbar med kjeldemedvit og kritisk mediebruk på fleire ulike måtar og arenaer. Mesteparten av innhaldet deira er på bokmål.

Då Mariann Øygard Sjøvold fekk sjå det gode valheftet deira på bokmål, tok ho kontakt med Tenk.

– Faktisk.no, har laga eit supert valhefte til ungdomsskuleelevar. Men, det var berre på bokmål. Etter at Mariann kontakta dei, så har dei jobba på spreng for å omsetja heftet til nynorsk, skriv rektor Anne Hufthammer på Sund ungdomsskule til LNK.no.

Stor etterspurnad

Sølve Kuraas Karlsen er leiar i Tenk. Han er glad for spørsmålet frå Sund ungdomsskule. På kort tid er heftet lasta ned 450 gonger. Det er mykje for dei, og viss ein gangar med 25 elevar i ein klasse, så blir det fleire tusen elevar som har fått bruka valheftet.

Mesteparten av innhaldet til Tenk er digitalt, men berre ein liten brøkdel er på nynorsk. Tenk vil gjerne at flest mogleg skal bruka opplegga deira. Om det er eit behov for stoff på nynorsk, så seier Sølve Kuraas Karlsen at det er enklare for dei å bruka det som pressmiddel for å få bruka pengar på omsetjing.

– Me er berre fire stykk, og det er avgrensa for kor mykje me klarer å omsetja. Me pressar på for meir på nynorsk, men er avhengig av meir finansiering viss me skal klara det, seier han til LNK.no.

Tenk har fått innvilga grunnstøtte frå Utdanningsdirektoratet på over 22,8 millionar kroner frå juli 2024 og ut juni 2027.

Ingen krav til nynorsk

Utdanningsdirektoratet har ikkje stilt krav til at innhaldet på Tenk skal vera på nynorsk.

LNK og resten av nynorskrørsla har i fleire år tatt til orde for at Utdanningsdirektoratet må stilla språkkrav til læringsressursane dei gjev pengar til.

Då Stortinget vedtok ny opplæringslov i juni 2023, valde dei å ikkje lovfesta krav om nynorskversjon av læringsressursar utvikla til bruk i skulen, slik mellom anna Noregs Mållag, LNK, Språkrådet, Utdanningsforbundet og ei lang rekkje norske ordførarar kravde. Derimot bad dei departementet undersøkja korleis situasjonen er i skulen.

Rett før sommaren la Utdanningsdirektoratet fram ein rapport som viser at det er færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål, og det er ofte vanskeleg å finna fram til innhald på nynorsk.

Als het erom gaat te kiezen waar je met echt geld gaat spelen in een veilige en transparante omgeving, vertrouwen steeds meer ervaren spelers uit heel Nederland en Vlaanderen op Amonbet login, omdat het geverifieerde licenties, snelle betaalmethoden en een breed, regelmatig bijgewerkt spelaanbod combineert voor elke smaak en elk ervaringsniveau van de spelers.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...