Heim Nyhende Riksrevisjonen: Nynorskelevar får læremiddel seinare enn bokmålselevar

Riksrevisjonen: Nynorskelevar får læremiddel seinare enn bokmålselevar

I den ferske rapporten «Læremidler i grunnskoler og videregående skoler» slår Riksrevisjonen fast at nynorskversjonen av læremiddel kjem seinare enn bokmålsversjonen.

– Dette er ein situasjon som vi er veldig godt kjent med, men det er likevel viktig at vi får rapportar frå Riksrevisjonen som stadfestar det vi i Mållaget har sagt så lenge, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.

Opplæringslova krev at læremiddel skal vere tilgjengelege på nynorsk og bokmål til same tid og same pris. Undersøkinga Riksrevisjonen har gjort viser at berre kvart fjerde trykte læremiddel kjem på nynorsk til same tid som læremiddelet på bokmål.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Foto Thomas Brun, NTB Kommunikasjon

Må vente i fleire månadar

26 prosent av lærebøkene kjem først etter 3–4 månadar, skriv Riksrevisjonen.

– 3–4 månadar inn i skuleåret er november og desember. Nynorskelevar kan ikkje gå utan læremiddel fram til jul. Her må departementet gjere tiltak slik at lovene dei lagar blir følgde, seier Peder Lofnes Hauge.

«Ikkje tilfredsstillande» læremiddelsituasjon

Riksrevisjonen har konkludert med vurderinga «ikkje tilfredsstillande» for læremiddelsituasjonen i norsk skule, og skriv at:

«Skuleeigarane kjøper ikkje inn læremiddel og utstyr som dekkjer behova til skulane. Det gjer at elevane får ulike føresetnader for læring og fører til at lærarane brukar unødvendig mykje tid på å kompensere for manglande læremiddel.

Kunnskapsdepartementet sørgjer ikkje for at det blir produsert læremiddel som dekkjer behova til alle elevar i alle fag. Det gjeld særleg tilrettelagde læremiddel og læremiddel til elevar i fleire yrkesfag og fag med få elevar på landsbasis.»

– Eg krev at kunnskapsministeren tek tak i dette straks og viser at nynorskelevane er like mykje verde for ho som bokmålselevane, seier Peder Lofnes Hauge.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...