Heim Nyhende LNK prøvde ut digitalt «På sakslista»-kurs: – Heilmaks!

LNK prøvde ut digitalt «På sakslista»-kurs: – Heilmaks!

I fleire år har Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) arrangert språkkurset «På saklista». No er det første digitale kurset gjennomført.

– Det var heilmaks og kjempenyttig! seier Dagrun Gunnarson, personalsjef og leiar for fellestenester i Fedje kommune.

Ho tok initiativ til at kurset som var planlagt på Fedje under koronastenginga blei gjennomført digitalt over Teams.

Jostein Avdem Fretland og Jan Olav Fretland haldt kurset over to dagar på Teams. 

– Eg synest det gjekk veldig fint. Det var nesten akkurat som eit vanleg kurs, seier kurshaldar Jostein Avdem Fretland, og seier han er overraska over kor liten forskjell det var mellom vanlege kurs med fysisk oppmøte og det digitale kurset.

– Ekstremt nyttig kurs

Dagrun Gunnarson seier ho er overraska over kor nyttig og konkret kurset var. På saklista-kurset handlar både om å skriva betre og meir korrekt nynorsk, men det handlar òg om klarspråk. Deltakarane sender inn eigne tekstar for å få tilbakemeldingar.

– Me hadde ganske lite tåkeprat, men me blei obs på eigne feil på nynorsk, seier Dagrun Gunnarson, og legg til at det er fleire tilsette i kommunen som ikkje har nynorsk som sitt førstespråk.

– Innhaldet i kurset var ekstremt nyttig, og eg har fått veldig gode tilbakemeldingar frå dei andre deltakarane. I tillegg sit me igjen med nokre standardtekstar som er betre enn dei me hadde.

Enkelt med chat

Dei kring femten kursdeltakarane frå Fedje kommune fekk jobba i grupper, og kommuniserte både via video og i chatfunksjonen.

– Me opplevde at det var enklare å få til samtale på chaten, og konkluderer med at fleire av dei som ikkje er så komfortable med å ta ordet i plenum, tar ordet i Teams over chaten, seier Jostein Avdem Fretland.

Dagrun Gunnarson synest det blei ein koseleg og god dialog med chaten.

Ein annan fordel som dei opplevde i Teams var at lenkjer til ressursar kan delast og bokmerkast fortløpande.

Vil jobba med å utvida kurset

LNK og Fretland & Fretland vil no jobba vidare med å utvida kurset og leggja til rette for nye kurshaldarar, og laga til eit meir straumlinjeforma teknisk opplegg.

Dagrun Gunnarson vil tilrå fleire digitale kurs.

– No har me hatt ein tvangsdigitalisering av offentleg sektor som det gjeld å bygga vidare på, så no er tida inne for fleire digitale kurs, seier ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

Fem bibliotek kan bli nynorskfyrtårn

På landsmøtet i Noregs Mållag i helga lanserer direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark ei ny satsing på nynorskformidling i...

Tips til digital litteraturformidling på nynorsk

Kreativiteten i den digitale litteraturformidlinga blømer i desse koronatider! Utlånet av digitale bøker har auka dramatisk etter at biblioteka stengde. Her har me samla fleire tips...
Foto: Colourbox

Her finn du digitale skuleressursar på nynorsk

Her får du hjelp til å finna digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen. Stengde skular og digital heimeskule viser kor viktig det...
Oppe frå venstre: Arnfinn Kolerud, Linn T. Sunne, Magnhild Bruheim, Solveig B. Bendixen og Bente Bratlund. Nede frå venstre: Atle Hansen, Harald Nortun, Maria Parr, Ingunn Thon og Rune Belsvik. Foto: forlaga og Framtida.no

Her er dei 10 beste barnebøkene på nynorsk

Ein jury har nominert dei ti beste barnebøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt...

MEST LESE

Desse kommunane er best på å prioritera barn og unge

Små kommunar med store driftsbudsjett leverer best i Kommuneanalysen, utført av UNICEF. Kvart år rangerer UNICEF landets kommunar etter...

Skulebiblioteket er hjartet i skulen

Langeland skule er blant dei største nynorske 1.-7.skulane i landet, med sine 410 elevar. Skulen har lite plass, men har prioritert skulebiblioteket...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...
Redaktør Svein Olav B. Langåker, her saman med journalistane Andrea Rygg Nøttveit og Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal, er svært nøgd med løyvinga på 1,2 millionar til Framtida.no og Framtidajunior.no over statsbudsjettet. Arkiv Foto: Emilie Hansen / Framtida.no

Målpris frå Stord kommune til Framtida.no

Stord kommune har valt å dela ut Målprisen for 2020 til nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no. Framtida.no blir...