Heim Nyhende Framtida får pengar

Framtida får pengar

Vinjefondet løyver midlar til tre avisprosjekt, blant anna nettavisa Framtida.

Vinjefondet for nynorsk journalistikk har løyvt i alt 775 000 kr til tre
avisprosjekt.

Telemarkavisa i Skien får 375 000 kr til eit prosjekt som skal gi meir nynorsk i avisa, Sunnhordland på Stord får 200 000 kr til utvikling av ein fotograf til skrivande journalist, og den digitale ungdomsavisa Framtida.no i Oslo får 200 000 kr til eittårig engasjement av reisande journalist, heiter det i ei pressemelding.

– Målet med å oppretta eit engasjement som reisande journalist er å få meir journalistikk frå heile landet på nynorsk på Framtida.no. Me ønskjer å visa fram og styrkja engasjementet til unge – og la saker unge er opptekne av setja dagsorden. Eit valår som 2011 vil gjera dette særleg aktuelt, seier Svein Olav B. Langåker, prosjektleiar for Framtida.no.

Talet på lesarar av Framtida.no er veksande. I løpet av ei veke er det no kring 5000 unike brukarar.

Nyhende- og debattavisa for unge starta 1. september i 2010. Satsinga er eit samarbeid mellom ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Landslaget for lokalaviser (LLA), demokrati for unge-prosjektet ”Mot til å meina”, nettidsskriftet Magasinett og kulturavisa Pirion. Avisa får støtte frå Kulturdepartementet.

13 aviser og tidsskrift leverer i dag stoff til Framtida.no. I tillegg produserer Framtida.no eigne saker og over 15 unge kommentatorar bidreg med faste meiningsytringar.

– Me ønskjer å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, og arbeider difor med å knyta til oss endå fleire partnarar, opplyser Langåker

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...