Heim Nyhende Hordaland Teater – gjerne i neonbokstavar

Hordaland Teater – gjerne i neonbokstavar

Draumen om ei eiga nynorskscene i Bergen sentrum er konkretisert: samarbeidspartnarane er på plass, politikarane er involverte, Jon Fosse er i støtet. Det einaste som manglar er huset.

– Idag lanserer me på nytt idéen om Hordaland sitt nynorske teater, midt i byen slik som intensjonen var! sa styreleiar Ågot Valle og presenterte dei tre samarbeidspartnarane: teatersjef Trond Birkedal i Hordaland Teater, teatersjef Erik Ulfsby ved Det norske Teatret og teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater, samt initiativtakar Jon Fosse. Ho fortsette med å visa til Edvar Hoem: «Teateret bør ha sete i Bergen. Du organiserer ikkje eit profesjonelt teater utan at det er eit solid publikumsgrunnlag der teateret er stasjonert».

Og det var denne bodskapen som hovudsakleg kom fram: Hordaland Teater må inn til sentrum. Den noverande tilhaldsstaden på Stend vert avvikla så snart ein får eit eigna lokale på plass.

Jon Fosse la vekt på kor viktig det er med ei eiga nynorskscene:

– Grunnmisjonen no er å få teateret inn til sentrum, eit eige bygg der Hordaland Teater skal høyra heime. Det er språket som skal vera i fokus. Det er klart at ein lyt ha eit eige hus for nynorsken i nynorskhovudstaden – dette har vore draumen til nynorskingane i generasjonar, sa Fosse, som gjerne støttar Ulfsby sitt forslag om eit neonskilt med «Nynorskhuset» i store bokstavar! På spørsmål frå salen om det ikkje kom til å bli motstand mot så klar nynorskprofil, tok ein annan frå salen, varafylkesordførar Tom-Christer Nilsen, ordet og sa det var i såfall på høg tid at ein fekk gjort til skamme slike haldningar. Erik Ulfsby ved Det norske Teatret supplerte ved å visa til at 70.000 ungdom vitja teateret i Oslo i fjor, noko som tydar på at urban ungdom diggar Hank von Helvete på nynorsk.

Terje Lyngstad kunne annonsera at den fyrste produksjonen allereie er under planleggjing: «Dyrehagen Hardanger» av Jon Fosse skal oppførast januar 2012. Kva scene det blir på, gjenstår å sjå.

Nynorsk Kultursentrum sende helsing og gratulasjonar til trekantsamarbeidet og lova si fulle støtte som ein annan god nynorsk aktør utanfor hovudstaden.

Terje Lyngstad kunne annonsera at den fyrste produksjonen allereie er under planleggjing: «Dyrehagen Hardanger» av Jon Fosse skal oppførast januar 2012. Kva scene det blir på, gjenstår å sjå.

 

Terje Lyngstad kunne annonsera at den fyrste produksjonen allereie er under planleggjing: «Dyrehagen Hardanger» av Jon Fosse skal oppførast januar 2012. Kva scene det blir på, gjenstår å sjå.

 

Ta med viss plass? Nynorsk Kultursentrum sende helsing og gratulasjonar til trekantsamarbeidet og lova si fulle støtte som ein annan god nynorsk aktør utanfor hovudstaden.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...