Heim Nyhende Ugreie med namn

Ugreie med namn

Arbeiderpartiet på Finnøy trudde det var ein smal sak å kalle seg Det Norske Arbeidarparti, sidan dei bruker nynorsk i alle andre samanhengar. Men det kan dei ikkje.

Listene til kommunestyrevalet til hausten er levert inn og kommunane rundt om i landet jobbar no med å førebu dei til valet. På Finnøy oppdaga ein kommunalt tilsett at det ikkje var heilt greitt for lokallaget å kalle seg Arbeidarpartiet. Parti-namnet er eit eigennamn, og Arbeiderpartiet har i dag ikkje to former som kan brukast, slik til dømes Høgre har.

– Eg føler det blir heilt feil å stå på ei liste med eit bokmålsnamn, seier Ottar Sandanger i Finnøy Arbeiderparti til LNK.no. Han vedgår at partiet ikkje har hatt dette i tankane tidlegare, og han er ikkje sikker på kva som har stått på listene tidlegare: partinamnet med a eller e. Men det er den nynorske varianten dei ønskjer, slår han fast.

Den kommunetilsette på Finnøy som jobbar med listene har ifølgje lokalavisa Øyposten vore i kontakt med både partiet sentralt og Språkrådet for å få klarlagt korleis dette ligg an. Båe plassar får han same svar: Arbeiderpartiet er eit eigennamn som ein ikkje kan endre på slik ein sjølv vil. Partiet må sjølv vedta å ha to former av namnet viss ein skal kunne velje. «Navnet er per i dag ikkje tilpassa at det er to offisielle målformer i Norge. Av den grunn er det ikkje høve til å nytta ein nynorsk versjon», skal vere det ofisielle svaret frå Arbeiderpartiet, ifølgje Øyposten.

No vil ikkje Ottar Sandanger signalisere noka flukt frå partiet på grunn av denne saken.

– Vi har ikkje drøfta dette i partiet, men eg er sikker på at vi skal få til ei bra løysing på det til slutt, seier han.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...