I helga kan du gå eller springe motbakkeløp i Hardanger saman med Kristen Skjeldal.
– Det er veldig kjekt å gå opp Kvasshovden også for dei som deltek i trimklassen. Folk føler at dei har gjort ei bragd når dei har kome seg opp, seier tidlegare langrennsløpar og motbakkespesialist Kristen Skjeldal til Sprek/Bt.no.
Kvasshovden opp er NM i motbakkeløp og det fjerde løpet av totalt fem i Salomon Norgescup 2011. Det 7,5 km lange løpet startar laurdag i Ulvik (10 m.o.h.) og endar på Kvasshovden (1030 m.o.h.) Du kan delta både i mosjonsklasse og konkurranseklasse. Meir om løpet på kvasshovdenopp.no.
Laurdag kveld er det også Husmannstovetreff på Kvemmadokkje husmannsplass i Ulvik. Hit kjem dansegruppa Frikar, godt kjende som dansegruppa som opptrådde saman med Alexander Rybak i Meldoi Grand Prix. Seks dansarar har ei ekslusiv gardsframsyning av danseshowt “Snuff grinders”. Meir om dette på kvemmadokkje.no.
NB-galleri i Eidfjord held fram med sommarkonsertar. Denne laurdagen blir det Jazzy tunes med songar Kristin Bolstad, tenor Niklas Vepsä og Inger-Kristine Riber på klaver. Konserten tek til klokka 18.
Arrangementa er henta frå kalenderen til Diktarvegen. Har du arrangement langs Diktarvegen du vil vi skal skirve om? Kontakt oss!