LNK og Landslaget for lokalaviser (LLA) har no inngått ein avtale med Fagforbundet som gjer at dei kan bruke Fagforbundet sitt videokonferanseutstyr.
– Det stemmer at vi får bruke utstyret dei har både i Oslo og på fylkeskontora, og det er ei ordning vi set stor pris på, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland i LNK. Også LLA ser store fordelar med å få tilgang til dette utstyret,
– Me har i dag over 400 lokalavismedarbeidarar på fagkurs kvart år, og desse kjem frå heile landet. Med tilgangen til moderne videokonferanseteknologi håper me no å kunne veksle mellom kurs der ein samlast fysisk og elektronisk, seier Rune Hetland i LLA.