Heim Nyhende Støttar antikorrupsjonsarbeid

Støttar antikorrupsjonsarbeid

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) går inn med vel ein halv million kroner i støtte til eit nytt antikorrupsjonsprosjekt.

Det er kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon (KS) og Transparency International Norge (TI) som samarbeider om prosjektet, som i fyrste fase skal samarbeida tett med kommunane Oslo og Grimstad.

– Vi vil leggje til rette for ei forvalting i kommunane som byggjer på høg etisk standard og skaper tillit, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Prosjektet har fått namnet Openheit, integritet og antikorrupsjonsarbeid i kommunesektoren. Organisasjonane har som mål å få kartlagt svake punkt i kommunane og risikoområde for korrupsjon. I tillegg vil prosjektet få fram behov for verkty og metodar i arbeidet med å redusera risikoen for korrupsjon i sektoren. Det vil og bli utvikla ei antikorrupsjonshandbok for kommunesektoren.

Tiltaket er i følgje Navarsete verdifullt for satsing på etikk og antikorrupsjonsarbeid i kommunesektoren. – Eg har høge forventningar til kva dei to organisasjonane kan få til, seier kommunal- og regionalministeren.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...