Heim Nyhende Sommarsnakk med Øystein Vangsnes

Sommarsnakk med Øystein Vangsnes

Øystein A. Vangsnes trur på Bergen som ein nynorsk hovudstad. Sommaren skal han bruke på ferie og feiringar.

Namn: Øystein A. Vangsnes

Alder: 43

Yrke: Språkforskar

Brukar sommaren til: Ferie og feiringar. Eg og familien skal farta litt rundt på Helgeland, vera på familiehytta på Sørlandet og litt i Sogn. To bryllaup og ein femtiårsdag står på programmet mot slutten av sommaren.

Kva er ditt forhold til språk? Eg har eit nært forhold til språk – det er jo jobben min. Eg har nok alltid vore oppteken av språk. Då eg var liten, likte eg å høyra på Nyheiter på samisk sjølv om eg ikkje forstod eit kvekk, og med oppvekst i ein dialektblanda familie, dels på Austlandet og dels i Sogn, fekk eg truleg tidleg eit medvite forhold til skilnader mellom ulike former for norsk også. Eg går for å ha eit forholdsvis godt språkøyra og eg likar både å læra nye språk og å utøva dei språka eg kan.

Kva meiner du er den største utfordringa til nynorsken framover? Den største utfordringa ligg i å styrka nynorsken i folketette område på Vestlandet. Etter kvart som byar som Bergen, Stavanger og Ålesund veks og omlandet kring dei blir meir urbaniserte, aukar presset mot å endra opplæringsmålet i skulane frå nynorsk til bokmål. Det er viktig å synleggjera for tilflyttarar til desse omlanda at nynorsk har vore ein del av den lokale identiteten og at det er mykje å vinna på at det fortset slik. Ein bør òg leggja vinn på å løfta fram nynorsken i byane, t.d. gjennom å etablera tydelege og synlege nynorske kulturuttrykk der. Bergen bør, som Vestlandets hovudstad, gjerast til nynorskens hovudstad – det vil både byen, Vestlandet og nynorsken vinna mykje på.

Burde ein forske meir på nynorsk og språkutvikling? Det er ingen grunn til å ikkje forska på det og det er mange grunnar til å gjera det. Den viktigaste grunnen er at ein veit særs lite handfast om korleis oppvekst med nynorsk skil seg frå oppvekst med bokmål. Og det er mange forhold ein kan ta tak i. Ein ting er å sjå den norske tospråkssituasjonen i lys av utviklingsmessige fordelar ein kjenner til frå den internasjonale tospråklegheitsforskinga. Eit anna forhold er korleis nynorsk oppvekst eventuelt styrkjer lokal identitet og sjølvkjensle annleis enn bokmål. Og eit tredje forhold kan vera å undersøka korleis nynorsk oppvekst i pressområde og elles har ein negativ effekt til dømes gjennom stigmatisering eller opplevd meiningsløyse.

Meir sommarsnakk finn du her!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...