Heim Nyhende Nynorskoppgåve til besvær

Nynorskoppgåve til besvær

 

Elevane som skulle avleggje eksamen i finansrekneskap ved Høgskolen i Ålesund sist veke kunne ikkje endre teksten frå bokmål til nynorsk, då ville oppgåva kunne slå krøll på seg.

Slik vart det i alle framstilit på den pedagogiske plattformen Fronter, kor elevane henta oppgåva si, melder Sunnmørsposten. På Fronter hadde altså faglærar lagt ut ei melding om at endring av test til nynorskversjon kunne medføre at tal i oppgåva endra seg eller i verste fall forsvann.

Student Johan-Andrè Eikrem seier til Sunnmørsposten at han opplever dette som ein måte å kamuflere at ein ikkje ønskjer å lage to versjonar av eksamen på. Han peiker på at offentlege utdanningsinstitusjonar pliktar å tilby eksamen i båe målformer, og seier han vart overraska over denne løysinga.

Også Noregs Mållag er overraska og oppgitte over denne melsinga studentane fekk.

– Hadde skulen hatt litt nase, så hadde dei tenkt på at dei fleste kommunane i regionen har nynorsk som hovudmål, og at det er mange studentar som også har det, seier skuleskrivar Ingar Arnøy til avisa.

Høgskolen i Ålesund fekk berre tilsendt oppgåva på bokmål, og seier til avisa at dei også reagerte på at den ikkje var på nynorsk. Skulen hadde 20 elevar som ønskte seg oppgåva på nynorsk, og gav ifølgje direktør Lasse Gallefoss beskjed til faglærar om at oppgåva måtte utarbeidast også på nynorsk.

Sunnmørsposten har ikkje fått tak i faglæraren for kommentar til saken.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...