Bokbyen i Fjærland førebur seg til bokmarknad med over 2.500 nye bøker i hyllene.
Helga 22.– 23. juni blir bokbyen i Sogn fylt med både bøker og menneske under Boknatti 2013. Før marknadsdagane har hyllene fått eit stort påfyll med barnebøker, kriminalromanar og faktabøker om historiske emne.
– Det har kome til bøker i alle sjangrar og av ulik alder. Innimellom er det uvanlege samleobjekt; men storparten er bøker for folk flest til gode prisar, fortel Kjell Arve Straumsvåg i Straumsvågs antikvariat til Sogn Avis.
Ei knapp veke før Boknatti kan Fjærland skilte med meir enn 25.000 bøker i hyllene. Butikkane rommar til saman fire kilometer med bøker. (NPK)