Heim Nyhende Stryn: – Vil styrke bulysta

Stryn: – Vil styrke bulysta

I Stryn brukar dei design og kreative løysingar til å styrke bulysta.

 

Bakgrunnen  for bulystprosjektet som no vert avslutta, var at ein ynskte å bruke design som ressurs i større delar av næringslivet, fortel prosjektleiar Wenche Flølo, som i tillegg er dagleg leiar i designbyrået Farmhouse, som har sitt utspring i miljøet rundt Moods of Norway.

– Me har eit spanande mangfald i design i næringslivet vår, med bedrifter som Moods of Norway og Skogstad. Det er ein positiv trend i næringslivet, men attraktiviteten som bustadområde kan bli betre. Difor starta designprosjektet, seier Flølo.
Prosjektet fekk midlar frå kommunaldepartementet, fylkeskommunen og Stryn kommune. Dermed starta forprosjektet, der ein kartla kva effekt ein ynskte prosjektet skulle gi. Målet vart å skape meir aktivitet rundt design i næringslivet, samstundes som ein fekk meir liv i sentrum.

Fekk liv i sentrum
Wenche Flølo fortel om det gamle kommunehuset i Stryn, som sto tomt og utan liv. Dette huset vart no pussa opp, og i dag husar det eit nettverk av designbedrifter, kreative miljø, reiselivsaktørar og ingeniørbedrifter. Huset er blitt eit eige designakademi som ligg midt i sentrum, og står difor sentralt i sentrumsutviklinga. Det er viktig for prosjektleiinga at den kreative utviklinga er synleg der folk ferdast.

–  Ikkje minst har me fått utvikla ei ny form på turistinformasjonen. Det er kjekt å vise att der til dømes turistbussane har fast stoppestad. Det skaper endå meir liv.
– Me har fått etablert eit nettverk av kreative bedrifter i kommunen, som saman gjer kvarandre gode. Mange av bedriftene var medvitne om kor viktig design var, men mange av dei har òg fått forsterka denne kunnskapen gjennom prosjektet. Me er gode på samarbeid her i Stryn. Det er låg terskel for å ta kontakt med kvarandre, og det er bra, slår Flølo fast.

Kreativ avleggjar
Sjølv er ho ein del av eit attraktivt arbeidsmiljø i designbyrået Farmhouse.

– Bedrifta starta opp i 2006 som ein avleggjar av Moods of Norway. Dei vart nedringde av grûnderar som lurte på korleis dei klarte å bygge opp omdømmet og drive så god marknadsføring. Etter kvart vart det vanskeleg å ta seg av heile pågangen, og dei bestemte seg for å skipe ei bedrift som kunne ta seg av alle spørsmåla.

I dag har Farmhouse to tilsette og arbeider med omdømmebygging for bedrifter over heile landet.
– Moods of Norway har vore ei sterk inspirasjonskjelde for mange bedrifter. Dei har vist at det går an å satse berre ein er modig nok, og ikkje minst at ein ikkje berre kan tenkje tradisjonelt. Viss dei hadde spurt marknaden om det var potensial for rosa dressar då dei starta opp, så trur eg ikkje dei hadde fått positivt svar. Ein må tenkje ut av boksen.

I desse dagar blir designprosjektet avslutta. No startar jobben med å skape eit høgskuletilbod som kan stimulere fleire til å tenkje på design som næringsveg. Prosjektet har blant anna oppretta kontakt med Høgskulen i Volda.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...