Mange er skuffa over at regjeringa ikkje fann rom til å støtte Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.
– At regjeringa føreslår å kutte investeringsmidlane til Hauge-senteret, er svært uventa, fagleg uforståeleg og stussleg kulturpolitikk, seier Grepstad til Møre-Nytt, han fryktar no at opninga av Hauge-senteret i 2014 ikkje vert noko av.
Noregs Mållag er også skuffa over at Olav H. Hauge-senteret ikkje får 1,5 millionar kroner til å laga utstilling på Olav H. Hauge-senteret.
– Noregs Mållag registrerer at den nye regjeringa vil gjera kulturen meir uavhengig av staten og kuttar i gode kulturføremål, som Norsk kulturfond og reduksjon av produksjonstilskotet til avisene med heile 50 millioner kroner. Små språkområde som Noreg treng støtte for å kunna produsera skrift fordi marknaden ikkje er så stor at alle utgjevingar ber seg sjølve. Dette gjeld sjølvsagt nynorsk i endå større grad enn bokmål, seier leiar Marit Aakre Tennø.
– Alle språkbrukarar treng å sjå språket sitt brukt for at dei skal halda på det. Me vonar den nye regjeringa og Stortinget ser at litteratur og aviser er viktige område for å oppnå nett det, seier Tennø i Noregs Mållag.