Heim Nyhende Forskarar vil leggje ned regionale flyruter

Forskarar vil leggje ned regionale flyruter

Flyrutene Fagernes– Oslo og Førde– Bergen har så liten trafikk at dei bør leggjast ned, mens Oslo– Ørsta/Volda og rutene på Florø er så trafikksterke at dei kan drivast kommersielt.

 

Det er blant forslaga i ein ny rapport om anbodsopplegget for det regionale rutenettet.

Det er Transportøkonomisk institutt og Møreforsking som har laga rapporten på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Oslo– Fagernes hadde i 2013 ikkje meir enn rundt 3.000 passasjerar og ein kabinfaktor på 15– 20 prosent. Dermed subsidierer staten kvar passasjer med over 3.000 kroner, går det fram av rapporten.

Både Oslo– Fagernes og Førde– Bergen har lågt belegg og er dyre i drift, samtidig som alternativa til fly er akseptable, meiner forskarane.

Ørsta/Volda med overskot

Ruta mellom Oslo og Ørsta/Volda går med overskot, og Florø-rutene får null i tilskot i dag. Derfor kan dei takast ut av anbodsopplegget.

Forskarane meiner òg det er grunnlag for å vurdere å ta Oslo– Førde ut av opplegget, ettersom også denne ruta nærmar seg eit overskot.

I rapporten blir det òg foreslått å heve maksimaltakstane på regionalrutene. Forskarane har funne ut at den største operatøren i regionalnettet, Widerøe, tar 35– 50 prosent meir for full-flex-billettane sine på dei kommersielle rutene enn på anbodsrutene. Gjennomsnittsprisen er òg vesentleg høgare på dei kommersielle rutene, noko som gir grunnlag for å auke maksimalprisane i anbodsordninga, meiner forskarane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...