Heim Nyhende Nynorsk kultursentrum med rekordår i 2013

Nynorsk kultursentrum med rekordår i 2013

Nynorsk kultursentrum i Ørsta hadde sitt beste kommersielle år nokosinne i 2013.

 

Stiftinga fekk eit overskot på 1,3 millionar kroner, og har aldri før hatt fleire besøkjande i tillegg til å ha auka eigne inntekter, skriv Nett.no.

Talet på besøkjande i sjølve Aasentunet i Hovdebygda, steig frå nesten 22.000 i 2012 til nesten 30.000 i 2013. I tillegg fekk institusjonen meir økonomisk støtte frå stat, kommune og private institusjonar i fjor. Det gjorde at sjølv om tilskotet frå staten krympa i 2013, auka likevel samla tilskot med nesten 1,6 millionar.

Fleire arrangement og større aktivitet har trekt fleire gjester, spesielt i samband med «Språkåret 2013», skriv nettstaden.

Utvidar

I år investerer Nynorsk kultursentrum i Olav. H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger med offisiell opning 4. september. Innan 2018 kan eit senter for Journalistikk og Dikting vere på plass i Vinje i Telemark, til 200-årsjubileet for forfattar og journalist Aasmund Olavsson Vinje. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...