Organisasjonar og andre som vil å vere med på å auke kunnskapen om val blant ungdom og innvandrarar, kan no søkje om støtte.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sidan 2005 hatt ei støtteordning for å auke kunnskapen om val. Målgruppa er ungdom, innvandrarar og veljarane med behov for særleg tilrettelagt informasjon.
Departementet skal no dele ut inntil fem millionar kroner til slike formål. Tiltaka kjem i tillegg til departementet sine eigne informasjonstiltak. Ein kan også søkje om tilskot til tiltak for å auke valdeltakinga ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015, men politiske parti kan ikkje søkje om slik pengestøtte.
Fristen for å søkje om støtte til valinfo er 14. november 2014. Tilskotet blir utbetalt i februar 2015. (©NPK)