Interkommunale legevakter gir ikkje eit betre tilbod til pasientane enn små legevakter, viser ein ny rapport.
Dei siste åra har mindre legevakter blitt slått saman for å danne større einingar, ofte på tvers av kommunegrenser. Hovudideen bak dette har vore å gi pasientane eit betre tilbod. Men det viser seg å ikkje vere tilfelle, skriv Dagens Medisin.
– Vi ser at ein del pasientar får lenger reiseveg utan at dei får eit betre tilbod, slik vi hadde tenkt, seier forskar Tone Morken ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM) til Dagens Medisin.
Ho har samanlikna den nye legevaktrapporten med tidlegare rapportar, og ser generelt inga positiv utvikling.
– Vi ser ein trend at samanslåinga ikkje er blitt følgt opp med betre bemanning og betre kompetanse, slik føresetnaden var, seier Morken. (©NPK)