Heim Nyhende LNK: – Regjeringa utraderer nynorsken

LNK: – Regjeringa utraderer nynorsken

– Eg vil seia det så sterkt at dette er ei utradering av nynorsken, seier styreleiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) Solfrid Borge. Ho reagerer kraftig på grunnen departementet gjev for å ta bort heile statsstøtta til organisasjonen.

 

Sist veke vart det kjent at LNK ikkje er tilgodesett med ei einaste krone i framlegget til statsbudsjett for 2015. Til samanlikning får organisasjonen – der kvar fjerde kommune i Noreg er medlem – i år nesten 1,1 million kroner i statstilskot.

Nynorsk pressekontor tok kontakt med Kulturdepartementet og spurde kvifor støtta ikkje blir vidareført. I ein e-post svarar statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag dette:

«LNK er en ren interesseorganisasjon for de kommunene som har valgt å bruke nynorsk eller er språknøytrale. En sammenslutning av kommuner og fylkeskommuner bør selv kunne finansiere sin virksomhet. Dette er en ren prioriteringssak».

– Fråskriv seg ansvar

Styreleiaren i LNK, som til dagleg er ordførar i Ullensvang herad, er både overraska og opprørt over svaret frå statssekretæren.

– Dette er altfor enkelt. Eg meiner dette er å fråskriva seg eit ansvar, og ei melding om at me får klara oss sjølve. LNK er langt meir enn ein medlems- og interesseorganisasjon. Me har eit samfunnsansvar. Når ikkje staten legg til rette for at me kan bruka begge målformer – som me har rett og krav på – må LNK gjera det, slår ho fast.

Ho peikar på at LNK driv eit omfattande språk- og kulturarbeid som omfattar alt frå opplæring i barnehagar til språkleg bevisstgjering blant tilsette i kommunane.

LNK har også ansvar for dei nynorske nettilboda Framtida.no, Magasinett og Pirion. Dersom statsstøtta blir borte, vil det særleg ramma desse tilboda for barn og unge. Det meiner styreleiaren vil vera særs uheldig.

– Satsing på ungdom er svært viktig når det gjeld begge målformer, og Framtida.no er den einaste nettavisa for ungdom på nynorsk, seier ho.

Ho meiner det er ei rett satsing av LNK å bruka av det statlege tilskotet til driva den nynorske nettavisa.

– Det er eit tiltak som kjem alle til gode.

Skeptisk til auka medlemskontingent

– Korleis trur du betalingsviljen er blant kommunane til å auka medlemskontingenten til LNK?

– Å auka medlemskontingenten er alltid ei utfordring uansett kva organisasjon det gjeld, seier Borge. Ho vil ikkje spekulera i om organisasjonen kan koma til å missa medlemmer viss medlemskontingenten blir dyrare, men seier risikoen alltid vil vera der.

– Men ein kan også spørja seg om det er rett at kommunane skal betala for det dei har rett og krav på, seier Borge og held fram:

– Det er svært viktig at folk som ønskjer å bruka nynorsk får høve til å gjera det, like fullt som folk som brukar bokmål. Det har noko med identitet, bevaring av dialekt og kultur å gjera.

Fryktar mindre språkleg medvit

Viss ikkje organisasjonen får statsstøtta tilbake, fryktar ho kommunane kjem til å bli mindre språkleg medvitne.

– Eg er redd det då blir mykje meir lettvint å ikkje stilla krav om å få skjema, lærebøker og anna materiell på nynorsk. Det verkar på meg som om målet til den nye regjeringa er å utradera nynorsken. Det blir berre sett på som eit heft. Dei ser ikkje på rikdommen og kulturen knytt til nynorsk, men berre isolert på det som støtte til ein organisasjon kommunar og fylkeskommunar eig.

Ho meiner det no er viktig at staten kjenner besøkstida si og tek ansvar.

– Når me har to målformer og folk har rett og krav på å få både læremiddel og opplæring på desse, må staten ta dette ansvaret og ikkje berre stryka det med eit pennestrøk utan å kommentera det. Det er for lettvint.

Satsar på Venstre og KrF

Borge fortel at organisasjonen har fått mange støtteerklæringar etter at statsbudsjettet vart lagt fram. No håpar LNK at støttepartia til regjeringa, Venstre og KrF i lag med opposisjonen skal få statsstøtta inn att på budsjettet.

– Me set vår lit til det. Eg trur Venstre og KrF i lag med opposisjonen greier dette, seier Solfrid Borge. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...