Heim Nyhende Solvik-Olsen vil ha fri postkonkurranse

Solvik-Olsen vil ha fri postkonkurranse

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) foreslår å droppe laurdagsutdelinga av post og opnar for fri konkurranse i postmarknaden.

 

Samferdselsdepartementet sender no ut på høyring eit framlegg om å gjennomføre EUs tredje postdirektiv, noko som inneber ei full liberalisering av postmarknaden. Samtidig vil samferdselsministeren ha slutt på utdelinga av post på laurdagar.

– Behovet for laurdagsutdeling går stadig nedover. Posten deler ut berre ein firedel så mykje post på laurdagane som dei andre vekedagane, seier Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Utfordrande for avisene

Han ser likevel at det kan skape distribusjonsproblem for ein del aviser om talet på omdelingsdagar blir redusert frå seks til fem.

– Grepa vi tar no, er nødvendige, men vi ønskjer å høyre korleis høyringsinstansane ser på behovet for å halde oppe laurdagsutdelinga av aviser på stader der det ikkje er noko eige avisbodnett, seier Solvik-Olsen.

Staten sparer, ifølgje Solvik-Olsen, rundt 400 millionar kroner i støttekjøp frå Posten Noreg om ordninga med laurdagspost blir avvikla.

Etter det nye lovutkastet mistar òg Posten eineretten på å distribuere brev under 50 gram. I dag er det elles fri konkurranse for pakkar og brev på over 50 gram.

Departementet har òg inkludert eit forslag til ei minimumsregulering av sikre eposttenester. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...