Heim Nyhende Uroa for dialektane

Uroa for dialektane

Politikarane stiller seg bak dialektane, og uroar seg for knoting. Målungdommen vil heller vita kvifor unge knotar.

 

Fleire politikarar, mellom anna sogndøl og tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete, seier til VG i dag at dei uroar seg for framtida til dialektane og fryktar dialekt-død. For Navarsete er det knoting og normalisering mot oslomål som uroar mest.

– Dersom dialektane blir tona ned, blir noko av mangfaldet i Noreg borte. Eg håpar unge er frimodige nok til å bruka sin eigen dialekt også i framtida, seier Navarsete til VG. Politikaren er sjølv kjend for å bruka brei sognedialekt i media.

LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar

Knoting er ikkje mindreverdig
Karl Peder Mork, leiar i Målungdommen, er både einig og ueinig uroa til Navarsete og dei andre politikarane. Han trur det er eit problem at nokre dialektar har fått mindre status enn andre, og difor gjer ungdom mindre stolt av å bruka dei.

– At knoting i seg sjølv er eit problem er eg ikkje så sikker på. Knoting er ikkje ei mindreverdig dialekt. Spørsmålet er heller kvifor unge knotar. Det trur eg kan ha noko med statusen til nokre dialektar å gjera, seier Mork.

LES OGSÅ: Dialektprisen til VM-studioet til NRK og TV2

Stoltheit og forenkling
Blant dei andre politikarane som i dag forsvarar brei dialektbruk, er stoltheiten for dialekten si gjeldande. Lene Vagslid frå Arbeiderpartiet kjem frå Dalen i Vest-Telemark seier til VG at dialekten er ein sentral del av identiteten hennar, og at ho vil motverka at dialektar blir normalisert.

Jette Christensen, også frå Arbeiderpartiet, kjem frå Egersund i Rogaland. Ho tek det tungt når ho må tilpassa dialekten sin.

– Eg må nokre gonger forenkla eller forklara dialekten mi for å gjera meg forstått, men det er sjeldan eg startar på null. Samstundes er det viktig for meg å bli forstått, og eg innrømmer å ubevisst ha sagt oss i staden for okke på radioen i debatt mot ein hovudstadsborgar. Det beklagar eg på det sterkaste, seier Christensen til VG.

LES OGSÅ: Språkleg endring. Eller: Når ungane pratar austlandsk

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...