Heim Nyhende Høgare språk-krav på byggjeplassen

Høgare språk-krav på byggjeplassen

Ein tredjedel av dødsulykkene på norske arbeidsplassar rammar utanlandske arbeidarar. No går Statsbygg i bresjen for større språkforståing i byggjebransjen: – Alle skal kunne føle seg trygge på jobb, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen.

 

I sommar innfører Statsbygg endå strengare tryggingsreglar for byggjeplassane sine; elektronisk inngangskontroll, synleg ID-kort heile tida, halvparten av arbeidarane skal vere faglærte, tryggingsreglar skal vere tilgjengelege på alle relevante språk og alle framandspråklege skal ha ein norsktalande kontaktperson.

Språkutfordringar

– Det er ikkje til å stikke under ein stol at språk kan vere ei utfordring for utanlandske arbeidstakarar. Sjølv har vi jobba hardt for å få ned skadetala, og hadde 9 personskadar med fråvær i 2014. Som offentleg byggherre ønskjer Statsbygg å vere ein rollemodell innan sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA), seier Nikolaisen.

På byggjeplassen i regjeringskvartalet har prosjektleiinga til dømes innført eit system der flagg er klistra på hjelmane, slik at alle har oversikt over kven dei kan vende seg til for omsetjing eller oppklaring.

Dei nye SHA-reglene trer i kraft i sommar, og gjeld alle nye kontraktar mellom Statsbygg og entreprenørar og underentreprenørar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...