Heim Nyhende Ikkje breitt forlik om kommuneoppgåver

Ikkje breitt forlik om kommuneoppgåver

Høgre/Frp-regjeringa er einig med Venstre og KrF om nye oppgåver til norske kommunar, men får ikkje dei raudgrøne partia med seg.

 

Semja om oppgåvemeldinga i samband med kommunereforma opnar for overføring av nye oppgåver til kommunane og til nye, folkevalde regionar.

– Meir makt og oppgåver skal flyttast ned til kommunane og nærmare folk, seier Venstres kommunalpolitiske talsmann André Skjelstad.

Kommunalkomiteens innstilling inneber at ein beheld tre folkevalde nivå, og at vidaregåande skular og kollektivtrafikk blir verande på regionalt nivå.

Kollektivtrafikk kan derimot overførast til større kommunar.

– Dette vil gi dei store byane i Noreg større moglegheit til å samarbeide med regionen om kollektivtilbodet til innbyggjarane, samtidig som vi sikrar eit godt kollektivtilbod i heile regionen, seier Skjelstad.

Nye oppgåver

Det er også klart at fylkeskommunane blir tatt inn i kommunereforma, men med ein klar føresetnad om færre og større regionar.

– Det skal no bli sett på kva for oppgåver som bør flyttast frå statleg til regionalt nivå, slik at makta flyttast nærmare befolkninga, seier KrFs kommunalpolitiske talsmann Geir S. Toskedal.

Ansvaret for tannhelsetenesta vert dessutan overført til kommunane. Det same gjeld tilskotet til frivilligheitssentralane.

– Torpederast

Senterpartiet meiner innstillinga tysdag torpederer kommunalminister Jan Tore Sanners (H) kommunereform. Partiet meiner det er brei motstand mot forslaga om å gi nye oppgåver berre til større kommunar, og til forslaget om å ribbe fylkeskommunane for oppgåver.

– Eg er glad for at Sp saman med Arbeidarpartiet og SV avviser at nye oppgåver til kommunane skal avhenge av kommunestorleiken, seier Sps kommunalpolitiske talskvinne Heidi Greni.

– I feil ende

SVs stortingsrepresentant Karin Andersen meiner regjeringa byrjar i feil ende, og at norske kommunar ikkje først og fremst trenger nye oppgåver, men meir pengar.

– Når fleirtalet, også KrF, ikkje stenger for at store kommunar skal kunne overta ansvaret for vidaregåande opplæring og kollektivtrafikk og flyttar tannhelse, så riv dei opp det som fungere bra i dag, seier ho.

Regjeringa og støttepartia er også samde om å greie ut om ansvaret for basishjelpemiddel og varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA) kan flyttast til kommunane.

– Det mest alvorlege er at stortingsfleirtalet ikkje parkerer forslag som er diskriminering av utviklingshemma og dei som trenger varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA), seier Andersen.

Det skal også greiast ut om familievernet skal overførast til kommunane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...