Heim Nyhende Donald Duck på nynorsk

Donald Duck på nynorsk

For første gong på rundt tretti år er eit Donald Duck-hefte med nynorske historier no å få kjøpt i butikkane.

 

– Det er utruleg kjekt at det no kjem eit Donald Duck-hefte dedikert til nynorsk, seier Marit Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Etter at ein av karakterane i Donald snakka nynorsk i ei historie for rundt eitt år sidan, sette Noregs Mållag i gang ein Facebook-kampanje for å få meir nynorsk i Donald. Mållaget skriv i ei pressemelding at det har vore stort engasjement rundt saka og at over 2.000 har likt sida.

LES OGSÅ: Kampen for Donald på nynorsk førte fram

– Viktig tilbod

Mållagsleiaren rosar teikneserieutgjevaren Egmont for å gje ut det nye heftet «Les nynorsk med Donald» .

– Det finst nesten ikkje teikneseriar på nynorsk for ungar. Donald Duck er eit svært populært blad. At dei no gjev ut to nynorske historier i same heftet, gjer det mogleg for norske ungar å få lesa litt meir nynorsk, seier Tennø.

Ho synest også det er oppløftande å høyra at utgjevar Egmont skriv i føreordet at dei gjev ut bladet for å visa kor interessant det er med dei to målformene våre.

– Det fortener all heider og er meir enn me kunna håpa på då me starta kampanjen, seier ho.

Ikkje kvardagskost

Det er ikkje første gongen eit Donal Duck-hefte kjem ut på nynorsk, men eit eige hefte med historier på nynorsk har ikkje vore laga sidan 80-talet, ifølgje Mållaget. Organisasjonen håpar det ikkje blir like lenge til neste gong.

– Me håpar med dette at det ikkje går tretti år til neste gong det kjem nynorsk i Donald, men at nynorsken kan finna ein plass i Donald, slik at han har elles i samfunnet, seier Tennø.

Det nye heftet «Les nynorsk med Donald» inneheld den kjende historia Eggemysteriet, der firkantfolket snakkar Vossamål, pluss to seriar på nynorsk, skrivne av Olaf Solstrand. Han skriv til vanleg nynorsk, og har no fått lov til å få sine eigne seriar på trykk på nynorsk i bladet for første gong, skriv Mållaget.

Bladet inneheld dessutan to artiklar på nynorsk, ein av språkprofessor Rolf Theil og ein av Kjartan Helleve, redaktør i Norsk Tidend, avisa til Noregs Mållag. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...