Språkrådet er uroa over at prosentdelen nynorsk på nettsidene til Høgskulen Stord/Haugesund har minka.
Det går fram av eit brev Språkrådet har sendt høgskulen i samband med den årlege rapporteringa om målbruken.
– De oppfyller truleg framleis krava, men vi vil oppmode dykk om å ha fleire faste tekstar på nynorsk, skriv Språkrådet.
Høgskulen Stord/Haugesund får samtidig ros for god veksling mellom målformene i korte og lengre tekstar og ikkje minst for nynorskbruken i sosiale medium.
Samla sett er høgskulen innanfor krava, men Språkrådet strekar under at også avdelinga for tekniske, økonomiske og maritime fag bør nytte nynorsk. (©NPK)