Heim Nyhende Krev fleire oppgåver i ny Vestlandsregion

Krev fleire oppgåver i ny Vestlandsregion

Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet, Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, stiller tydelege krav om overføring av nye og tunge samfunnsoppgåver for å slå seg saman til ein vestlandsregion.

 

Dette kjem fram i eit brev dei tre fylkesordførarane i dag sender til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei tre fylkesordførarane meiner det pågåande arbeidet er ei demokratiserings- og desentraliseringsreform.

Dei tre vestlandsfylka har innleia drøftingar om samanslåing. I brevet til departementet orienterer fylkesordførarane i dei tre fylka om drøftingane så langt. Fylkesordførarane slår fast at dei ser på reforma som ei demokrati– og desentraliseringsreform og at dette flyttar makt og ansvar til større regionar, som vert meir handlekraftige og sjølvstendige i høve samfunnsutviklinga. Målet er eit lokal- og regionaldemokrati som kan ivareta velferd og sikre utvikling, verdiskapning og trivsel for heile regionen basert på lokal og regional kunnskap.

Dei slår fast at fylkeskommunane er både tenesteprodusent og samfunnsutviklar og at dei vil føre dette ansvaret vidare. Ambisjonen er å utvikle og forme Vestlandet som region og samstundes tilpasse seg og samordne nasjonal politikk.

– Utgreiinga vi no førebur skal utgjere eit nødvendig kunnskapsgrunnlag for vidare politisk prosess fram mot ein mogleg intensjonsavtale. Vi vil alt no signalisere at vi vil stille tydelege krav om overføring av nye, tunge samfunnsoppgåver for at ei regionreform skal ha noko for seg. Vi set som vilkår at Stortinget vedtek ei reform der det regionale folkevalde nivået får eit tungt ansvar for både utviklingsorienterte oppgåver og oppgåver innretta mot tenesteyting overfor eit stort tal innbyggarar, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Fylkesordførarane i dei tre vestlandsfylka er samde om konkrete oppgåver som bør overførast frå staten til det nye regionale nivået.  Statens vegvesen, Kulturrådet, jernbane, delar av Noregs forskingsråd, NVE og anna regional naturressursforvaltning, miljøvern og landbruksforvaltning, integrerings- og mangfaldsdirektoratet, statlege høgskular og den delen av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUF-etat) som ikkje kan leggast til kommunane. Vidare vurderer dei tre fylkesordførarane å overføre sjukehusa tilbake til det regionale nivået.

– Vi meiner det tener den norske forvaltningsmodellen at staten i større grad organiserer verksemda si slik at ho korresponderer med den folkevalde regionstrukturen som vert etablert. Vi meiner det også bør greiast nærare ut i kva grad ansvar, eigarskap og finansiering av heile eller delar av spesialisthelsetenestene bør leggjast til det nye regionale folkevalde nivået, seier  fylkesordførar Jenny Følling.

1. april legg statsråd Jan Tore Sanner fram stortingsmeldinga knytt til regionalt folkevalt nivå og fordeling av oppgåver. Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet arbeider vidare med å få fram ein intensjonsavtale om Vestlandsregion. Den skal vere ferdig til 1. juli i år. Stortinget skal ta endeleg stilling til nye regionar og kommunesamanslåingar i vårsesjonen neste år.

Les forventingsbrev frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...