Om landsmøtet går inn for det, får Noregs Mållag for fyste gong ein leiar frå Østfold.
– Eg kjem frå Østfold og frå min ståstad er det eit mål at det skal bli heilt vanleg og normalt for folk på Austlandet å skrive nynorsk, at ikkje dei skal bli utsette for press om å tilpasse seg til bokmål. Det gjeld både innfødde og nytilflytta, seier Magne Aasbrenn i ei pressemelding frå Noregs Mållag.
Nynorsk sidan 1991
60-åringen frå Fredrikstad er i dag lektor ved Frederik II videregående skole. Han har vore nynorskbrukar sidan 1991 og leiar i Østfold Mållag sidan 2002.
Aasbrenn har vore ein ivrig forkjempar for østfolddialekten i ei årrekkje. I 1978 debuterte han med romanen Banna ben på fredrikstaddialekt, seinare har det vorte fleire bøker, mellom anna Hjelpebok i nynorsk for østfoldingar (1990).
Han var òg ein aktiv medspelar då Fredrikstad Blad i høve Språkåret 2013 gav ut ei heil avis utelukkande skriven på fredrikstaddialekt.
Inspirert av dette gav Bergens Tidene ut heile avisa på nynorsk i samband med 200-årsjubileumet for Ivar Aasen 5. august, same år.
– Det syner at østfoldingane også kan vere med å gje hjelp til nynorsken i Bergen og på Vestlandet, meiner Aasbrenn.
– At eg no er blitt beden om å bli leiar i Noregs Mållag, ser eg som ein god skulderklapp for at østfolddialekten er ein naturleg medlem i dialektfamilien i Noregs Mållag.
Det nye nye styret skal veljast på landsmøtet til Noregs Mållag, 15.-17. april 2016 på Hotell Terminus i Bergen.
Aasbrenn vil mellom anna jobba for at kommunereforma ikkje skal gå utover nynorsken, å sikra nynorsken i randsonene og at sidemålsordninga skal liggje fast.
QUIZ: Skjønar du Østfold-dialekt? Test deg sjølv her!
Framlegget til nytt styre ser slik ut:
Leiar Magne Aasbrenn (60) frå Fredrikstad, leiar i Østfold Mållag, forfattar og lektor ved Frederik II videregående skole.
Nestleiar Jens Kihl (29) frå Oslo og politisk journalist i Klassekampen. Har tidlegare hatt fleire sentrale verv i målrørsla som leiar i Norsk Målungdom og nestleiar i Noregs Mållag.
Inger Vederhus (62) oppvaksen i Flora og bur i Bærum, førstelektor i norsk ved grunnskulelærarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus.
Inger Johanne Sæterbakk (34) oppvaksen i Orkanger og bur i Oslo, kommunikasjonsrådgjevar hjå Norges Bondelag,
Peder Lofnes Hauge (27) oppvaksen på Sandane i Gloppen og bur i Bergen, politisk rådgjevar for sosialbyråd for Venstre i Bergen.
Ingrid Fiskaa (38) oppvaksen og bur på Bryne, lektor ved Sandnes vgs.
Varafolk: 1. vara: Haakon Aase (66), Meland, 2. vara: Randi Lohndal Frestad (68), Lista, 3. vara: Birgitta Lim Ersland (26), Oslo og 4. vara Øyvind Fenne (64), Fræna.
Landsmøtet i Noregs Mållag er fredag 15. april til sundag 17. april 2016 på Hotell Terminus i Bergen.