Er gode norske bedriftsnamn ei mangelvare? Det ønskjer Språkrådet å finne ut. No skal dei kåre dei beste norske bedriftsnamna.
Fram til 10. juni kan alle som vil, sende inn namn på bedrifter og verksemder med gode namn til Språkrådet.
– Når vi kårar dei beste norske bedriftsnamna over heile landet, premierer vi kreativitet, humor og bruk av lokal tradisjon og om namnet speglar aktivitetane til bedrifta, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, i ei pressemelding.
Meininga er å dele ut premiar til ein hovudvinnar og diplom til fem regionale vinnarar. Resultatet skal offentleggjerast i Nitimen på NRK 14. juni. (©NPK)