Heim Nyhende Sponheim ber åleinekommunar ta ein ny runde

Sponheim ber åleinekommunar ta ein ny runde

Fylkesmann Lars Sponheim håpar dei hordalandskommunane som så langt ikkje har planar om samanslåing, tar ein ny runde til hausten.

Så langt har tolv kommunar sagt ja til å slå seg saman til fem nye kommunar, men framleis er det 21 kommunar i fylket som enten vil fortsette åleine eller som ikkje har fått napp hos ein passande nabo. Sponheim håpar no at fleire kommunar skal gå for samanslåing, skriv Bergens Tidende.

– Mitt mandat frå Stortinget er å sjå på om det er nødvendig å ta grep utover det som til no har skjedd frivillig. Det kan det bli, men eg håpar at ein del kommunar nyttar hausten til å ta ein ny runde, seier Sponheim. Heimkommunen Ulvik ville gjerne slå seg saman med Eidfjord inst i Hardangerfjorden, men naboen ville halde fram på eiga hand. Det trur ikkje Sponheim er ei haldbar løysing i lengda.

– Før eller sidan må dei inn i ein større heilskap. Det er klart at 900 menneske ikkje kan blokkere for ei naturleg eining, berre fordi dei vil behalde skatteinntektene frå kraftverket sjølv, seier fylkesmannen.

Sponheim er også skuffa over at tre av Bergens nabokommunar sa nei og seier han vil sette seg ned med dei aktuelle ordførarane.

– Vi treng ein storkommune aust for Bergen, seier han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger! Den 61 år gamle båten Epos har vore...

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje...

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Den formelle likestillinga mellom bokmål...