Heim Nyhende Oljenedtur pregar kommune-NM

Oljenedtur pregar kommune-NM

Sogndal- og Lærdal-regionane klatrar mest.

Mange oljekommunar fell på resultatlista i kommune-NM, men Sola tronar framleis øvst, og Stavanger held seg på femteplass.

NHO og Vista Analyse står bak den årlege kåringa av Noregs mest attraktive og berekraftige kommunar, og nedturen i oljesektoren pregar mange kommunar der denne sektoren er viktig, skriv Dagens Næringsliv.

– Resultata av kommune-NM i år teiknar eit tydeleg bilete av ei oljenæring i krise. Men vi ser også at omstillinga har komme godt i gang og at nedturen i oljenæringa til ein viss grad blir utlikna av ei positiv utvikling i meir tradisjonell industri, seier Ingebjørg Harto, som er direktør for næringspolitikk i arbeidsgjevarorganisasjonen NHO. Og botnen kan vere nådd, trur Harto.

– Vi meiner at det er mange indikasjonar på at 2016 vil vere botnåret for oljenæringa, og at aktiviteten vil ta seg opp igjen i 2017.

Trass oljenedturen er det endå ein gong Sola som vinn kåringa, følgt av Bærum og Oslo på dei neste pallplassane. Deretter følgjer Asker, mens oljehovudstaden Stavanger hamnar på femteplass. Også Sandnes er inne på topp ti. Men i det store biletet er det oljekommunane i sør og vest som er taparane. 73 prosent av kommunane i Rogaland fell på rangeringa.

Kristiansund er den store kommunen som fell mest – 20 plassar til nummer 163. (©NPK)

Finn tala for kommunen din her!

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...