Heim Nyhende Lagar handlingsplan for nynorsk i NRK

Lagar handlingsplan for nynorsk i NRK

Denne veka har alle redaksjonelle medarbeidarar og leiarar i NRK fått ei spørjeundersøking om nynorskbruken i redaksjonane.

Korleis arbeider dei med å levere saker på nynorsk, og korleis ser dei på at minst 25 prosent av innhaldet NRK offentleggjer skal vere på nynorsk? Ei prosjektgruppe skal finne ut kva som trengst for å heve nynorskprosenten, og dei ber om ærlege svar.

Arbeidet skal munne ut i ein handlingsplan for nynorsk i NRK.

– Storting og regjering har gjeve NRK eit tydeleg ansvar for norsk språk, særleg for nynorsk. I NRK-plakaten står det at minst 25 prosent av innhaldet vårt skal vere på nynorsk. Vi ser at mange redaksjonar ikkje synest det er så lett å levere innhald på nynorsk. Difor er det er særs viktig å finne ut kor skoen trykkjer, seier språksjef Ragnhild Bjørge i NRK til nettsidene til NRK Nynorsk Mediesenter.

Prosjektgruppa har ikkje tenkt å lage ein plan for skrivebordskuffa. Difor er det viktig at svara vert ærlege og konkrete. Kva er vanskeleg eller lett for deg? Kva meiner du må gjerast for at NRK skal levere god nynorsk? Kva skal til for at redaksjonen din eller avdelinmga di skal publisere meir på nynorsk?

Heng etter på nett

I 2015 nådde NRK måla om minst 25 prosent nynorsk i radio og fjernsyn, medan nynorskprosenten på nett var 18 prosent.

– Fleire redaksjonar og kanalar leverer godt, men ulike redaksjonar og kanalar har utfordringar med å kome opp på det nivået dei skal vere på, både når det gjeld omfang og kvalitet, seier språksjefen i NRK.

Prosjektgruppa

I prosjektgruppa sit språksjef Ragnhild Bjørge, redaksjonssjef Christian Fougner i NRK.no, distriktsredaktør Vigdis Holmaas i NRK Hordaland, programleiar Ole Rolfsrud i NRK Sport og historikar Oddmund L. Hoel ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Gruppa skal levere eit framlegg til tiltak for å sikra rekruttering, kompetanse og produksjon på nynorsk i framtida. Framlegget skal vere klart til nyttår.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...