Heim Nyhende Ti nynorskbøker skal fremja nynorsk for ungdom

Ti nynorskbøker skal fremja nynorsk for ungdom

I fjor lanserte Foreningen les! ein nasjonal nynorsk leseaksjon for alle elevane på 7. trinn. No får 15.000 nye elevar same tilbodet.

 

Aksjonen har namnet «Tid for ti» og innheld ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker. Antologien blir i januar sendt ut til elevar på 7. trinn i heile Noreg.

– Kampanjen er med på å auka den språklege sjølvkjensla til nynorskelevar, samtidig som bokmålselevar blir motiverte til å lesa nynorsk via kvalitetslitteratur, meiner Ole I.B. Storø i Foreningen les!

Blant dei ti nynorske bøkene er det i år to nykomarar. Det er Galdersjerna av Asbjørn Rydland og Engel i snøen av Anders Totland.

Foreningen les! meiner Totland representerer ei ny spennande stemme i ungdomslitteraturen og trur boka hans vil vera eit godt utgangspunkt for gode samtalar i klasserommet.

«Tid for ti» inneheld i år utdrag frå desse bøkene:

  • Engel i snøen av Anders Totland
  • Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim
  • Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl
  • Svarte-Mathilde av Tor Arve Røssland
  • Keeper’n til Tunisia av Lars Mæhle
  • Rekrutten av Robert Muchamore. Illustrert av Ian Edginton & John Aggs
  • Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund
  • Veslebror ser deg av Cory Doctorow
  • Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo
  • Galdersjerna av Asbjørn Rydland

Les også meldinga vår av Engel i snøen: Skal du lesa éi ungdomsbok i år, så bør du lesa denne

Les også intervjuet med forfattar Anders Totland: Ærleg, nakent, og dritseriøst

Får du ikkje nok stoff om nynorsk ungdomslitteratur? Les også: For få nye nynorskbøker for mellomtrinnet, meiner Norsk barnebokinstitutt og Foreningen !les

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...