Sjå kva som skjer på Landstinget til LNK i Ulsteinvik, 8.-9. juni!
Torsdag 8. juni
Tema: Språk og næringsliv
09.00 Registrering
10.00 Velkomen til Ulstein v/ordførar Knut Erik Engh og styreleiar Solfrid Borge
10.20 Kulturell opning med Frid & Glede
Tema: Nynorsk og identitet i næringslivet
10.35 Åse Wetås, direktør i Språkrådet, innleier
11.10 Samtale med kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven, Monika Haanes Waagan, som har skrive masteroppgåve om nynorsk i næringslivet og no er programansvarleg i Aasentunet, Åse Wetås, direktør i Språkrådet og Olav Sindre Kriken, seniorrådgjevar i digitalbyrået RACER deltar i samtale om nynorsk i arbeids- og næringslivet.
12.30 Lunsj
13.30 Tema: Bibliotek som språkformidlar. «Den raude prikken – til hjelp for nynorskfolket, til åtvaring for bokmålsfolket?», Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforeining, innleier.
13.45 Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane om Nynorske lesegledarar, Tid for ti og Nynorske turbibliotek.
13.55 Samtale mellom Mariann Schjeide, Mona Iren Auganæs, biblioteksjef i Ulstein og Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane om biblioteka si rolle som språkformidlarar.
15.00 Pause, kaffi, frukt, utstillarar
15.20 Forfattar Maria Parr innleier.
15.45 Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no, presenterer Digitalt nynorskløft for barn og unge.
16.00 Årsmøte LNK
16.30 Møteslutt
18.00 Aperitiff, utstillarar og buffet – konferansier Lorentz Lunde
20.00 Konsert med Eva Weel Skram
Fredag 9. juni
Tema: Nynorsk, kommunereform og lokaldemokrati
08.45 Leiartale ved Solfrid Borge og framhald av årsmøte i LNK.
09.30 Pause og utsjekk
10.00 Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenbladet innleiar til politisk debatt om nynorsk, kommunereform og lokaldemokrati.
10.30 Partidebatt om språk og lokaldemokrati
Helge André Njåstad (Frp), Liv Signe Navarsete (Sp) og Magne Rommetveit (Ap) møter til debatt om språk og kommunereform.
12.30 Runar Gudnason, låtskrivar og rappar i Side Brok, om å flytta heim og heim til språket
13.00 Møteslutt og lunsj