Heim Nyhende Kommune-svar gler Sanner

Kommune-svar gler Sanner

Fleire enn før er positive til kommunesamanslåingar, viser ei undersøking som kommunalminister Jan Tore Sanner (H) legg fram denne veka.

Sanner har gode dagar. I helga avviste regjeringspartnar Frp eit forslag under landsmøtet om å seia nei til all kommune-tvang. Så kan han sjølv visa til ei undersøking i kommuneproposisjonen som fortel at folk ser lysare enn før på samanslåingar.

– Undersøkinga stadfestar inntrykket mitt frå reiser på kryss og tvers i dette landet. Folk aksepterer at vi må ha sterkare kommunar, seier Sanner til NTB.

Institutt for samfunnsforskning har over tid kartlagt haldningane befolkninga har til kommunesamanslåingar. I 2003 sa 48 prosent av dei spurde nei til å redusera talet på kommunar. I 2007 var talet 49,6 prosent, men så fall delen til 40 prosent i 2011 og 31,7 prosent i 2015.

Den seinaste undersøkinga som blei utført etter kommunevalet i 2015, viser at 53,8 prosent av dei spurde vil redusera talet på kommunar, mens 31,7 altså ønskte å ta vare på så mange kommunar som vi har i dag.

Undersøkinga viser eller at interessa blant veljarane for kommunereforma er større enn for politikk generelt. Interessa er størst blant innbyggjarane i små kommunar med færre enn 5.000 innbyggjarar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...