Heim Nyhende Opnar for nye språkkommunar i 2018

Opnar for nye språkkommunar i 2018

Dei utvalde kommunane og fylkeskommunane får økonomisk støtte til å driva utviklingsarbeid rundt språk, lesing og skriving. Søknadsfristen er 9. mars.

 

Eitt av tre verkemiddel i Språkløyper-strategien er at norske kommunar og fylkeskommunar kan søka Utdanningsdirektoratet om å bli språkkommunar.

Nå er det klart for ny runde, og søknadsfristen er 9. mars for den som vil bli språkkommune frå og med 2018.

Ein pott på rundt 30 millionar kroner er samla sett av til dei som blir godkjente.

Les meir om å bli språkkommune hjå Utdanningsdirektoratet

Støtte til systematisk arbeid

For å kunne bli språkkommune, må kommunen eller fylkeskommunen plikta seg til å arbeida systematisk og heilskapleg med språk, lesing og/eller skriving, frå barnehage til fullført grunnskule eller til fullført vidaregåande opplæring.

Alle norske kommunar og fylkeskommunar kan her søka om økonomisk støtte. Regjeringa vil retta ein særleg innsats mot kommunar og fylkeskommunar som ser at dei har utfordringar innan områda språk, lesing og/eller skriving, opplyser Utdanningsdirektoratet.

Dei som blir valde ut får økonomisk og fagleg støtte knytt til eit slikt arbeid, og må utarbeida ein lokal strategi for arbeidet.

Søk om å bli språkkommune her

Eit lurt val

– Det er lurt å søka om å få bli språkkommune fordi ein får økonomisk og fagleg støtte til å jobba heilskapleg med språk, lesing og skriving i barnehagar og skular. Å ha gode, språklege ferdigheiter er avgjerande for barn sin leik og læring i barnehagen, for elevar si lesing, skriving og læring i skulealder, og for den enkelte sine moglegheiter til å nå måla sine og utvikla potensialet sitt, uttaler seniorrådgjevar Anne Borgersen i Utdanningsdirektoratet til Språkløyper sine nettsider.

Ho viser til at språkkommunar får støtte til planlegging, forankring og gjennomføring av utviklingsarbeid innanfor områda språk, lesing og skriving og økonomisk støtte til frikjøp av ressurspersonar og til å etablera lærande nettverk. Dessutan blir der fagleg støtte frå Lesesenteret og Skrivesenteret og rettleiing i bruk av dei nyutvikla pedagogiske ressursane i Språkløyper.

Dei digitale ressursane på Språkløyper-nettstaden er laga for å kunna brukast i utviklingsarbeidet ein gjer som språkkommune.

Svar i april

Søkarane får i løpet av april melding om søknaden er innvilga og omfanget på tilskotet.

Utdanningsdirektoratet inviterer så alle dei nye språkkommunane til oppstartsamling på Gardermoen 6. og 7. juni.

Dei ferske språkkommunane tar fatt på arbeidet frå hausten 2018, eit prosjekt som varer i halvtanna år.

Dette er tredje omgang med språkkommuneutlysingar. 55 kommunar og fylkeskommunar fekk denne statusen i løpet av dei to første rundane.

I fjor fekk 28 av 38 søkarar godkjent søknaden sin om å bli språkkommune.

Les om språkkommunen Sveio og deira nynorskkurs for foreldre!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...