Forfattaren bak dei prisvinnande Jakob og Neikob-bøkene blir festivalforfattar på Falturiltu.
Kari Stai er forfattar og illustratør, mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob.
Historiane om desse to blir karakterisert som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til ei lang rekke språk og er blitt både animasjonsfilm og teater. I fjor haust lanserte Stai boka Tankespinn som er ei vakker og innsiktsfull forteljing om vanskelege tankar i eit lite hovud.
Nasjonal festival for nynorsk barne- og ungdomslitteratur
Falturiltu er blitt ein nasjonal festival for nynorsk barne- og ungdomslitteratur, og for å markera dette har ein valt å sleppa årets festivalforfattar i samarbeid med Litteraturhuset i Trondheim, 21. mars.
Same veka lanserer Falturiltu årets tema under Vossa Jazz. 24. mars vil Vegard Markhus lesa og fortelja på biblioteket. Markhus fekk Nynorsk barnebokpris for bildeboka Timothy mister seg sjølv. Tema i 2018 blir bildebøker, og mottoet blir Ord + bilde = sant.