Kommunaldepartementet har vurdert klagen frå kommunane Forsand og Sandnes om kva kommune fjellikonet Preikestolen skal høyre til. Preikestolen skal liggje i Strand kommune, slik departementet tidlegare har vedteke.
I dag ligg Preikestolen i Forsand kommune, men når Forsand blir ein del av nye Sandnes kommune blir grensa justert slik at Preikestolen høyrer til Strand kommune.
Endringa trer i kraft frå 1. januar 2020, samtidig som Forsand og Sandnes blir slegne saman til nye Sandnes kommune. (©NPK)