I 2017 var det 647 folkebibliotek i Noreg, og desse hadde fleire besøk av publikum enn året før. Totalt enda det med over 24 millionar besøk, noko som var 1,5 prosent fleire inn i 2016. Det går fram av tal frå Statistisk sentralbyrå.
Årsaka er at det er blitt fleire arrangement på folkebiblioteka rundt om i landet. Desse kan vere både i regi av biblioteka sjølv eller i samarbeid med andre, i tillegg til aktørar som tilbyr opne arrangement.
I 2017 var det nesten 50.000 arrangement i folkebiblioteka. Det er 2.800 fleire enn året før. Arrangementa talde 1,3 million deltakarar, noko som var 13,3 prosent fleire enn i 2016. (NPK)