Heim Nyhende Helsedirektoratet sviktar framleis nynorskkommunane – skuldar no på manglande kapasitet og kompetanse

Helsedirektoratet sviktar framleis nynorskkommunane – skuldar no på manglande kapasitet og kompetanse

Helsedirektoratet manglar nynorskkompetanse til å dekkje informasjonsbehovet, innrømmer kommunikasjonsdirektøren. – Kvifor vert det ikkje stilt krav om kompetanse på begge skriftspråk? spør nynorskkommunar.

Fleire nynorskkommunar hevda i januar til Nynorsk pressekontor at det har vore utfordrande å få ut viktig helseinformasjon til befolkninga gjennom pandemien fordi informasjonen frå Helsedirektoratet i hovudsak har vore på bokmål, – eller kome for seint på nynorsk.

Etter at NPK gjorde ei sak på dette i slutten av månaden, er nokre fleire nynorskfiler no tilgjengelege i ressursbanken til Helsedirektoratet. Framleis opplever kommunane likevel at nynorskversjonen kjem ei veke etter bokmålsversjonen. Han kjem også etter dei fleste andre minoritetsspråka i Noreg.

Iselin Nevstad Øvrelid, kommunikasjonssjef i Herøy kommune og representant for fleire nynorskkommunar lurer på kvifor det ikkje vert stilt krav om kompetanse på begge skriftspråk for dei som skal jobbe med kommunikasjon i det offentlege. Foto: Herøy kommune

Dette held ikkje, meiner kommunikasjonssjef Iselin Nevstad Øvrelid i Herøy kommune.

– Filer som kjem ei til to veker etterpå, er utdaterte i ei tid der regelverk og tiltak har endra seg frå veke til veke, seier ho, men understrekar samstundes at utfordringa ikkje gjeld særskilt for koronamateriell og heller ikkje starta med pandemien.

Pandemien har likevel vist fram omfanget av problemet.

– Urimeleg

Stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland, var i mange år ordførar i nynorskkommunen Stord og seier at det er urimeleg å skyve denne jobben over på nynorskkommunane.

– Som tidlegare ordførar i ein nynorskkommune, meiner eg det er uhaldbart å påleggje nynorskkommunane å gjere dette omsetjingsarbeidet. Det er også heilt urimeleg og lite samfunnsøkonomisk tenleg at kommunane sjølve skal gjera eit arbeid som kan gjerast éin gong i direktoratet, meiner ho.

– Manglande kapasitet og kompetanse, der alltid nynorsk kjem dårlegast ut, er på ingen måte ei god nok forklaring på kvifor ein ikkje følgjer språklova, seier stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) som sjølv var ordførar i nynorskkommunen Stord i åra 2007–2015. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

– Ikkje flinke nok

I saka frå NPK i januar var det ein tydeleg skilnad mellom det nynorskkommunane uttrykte og kommentaren frå Helsedirektoratet.

– Det aller meste har blitt laga både på nynorsk og bokmål, skreiv dåverande kommunikasjonsdirektør Trine Melgård. Ny, fungerande kommunikasjonsdirektør Oluf Nyquist uttrykkjer ei anna haldning.

– Me kan sjølvsagt bli betre, og me har ikkje vore flinke nok gjennom pandemien. Men det ligg inga nedvurdering av nynorsken i dette, seier han og understrekar at det heller ikkje handlar om manglande vilje.

Ikkje nok nynorskkompetanse

– Det handlar om kapasitet i ei tid med særskilt mange oppgåver, forklarer Nyquist og siktar mellom anna til at ikkje alle dei som har produsert materiell til bruk i kommunane har nok nynorskkompetanse.

– Vil eit tiltak for Helsedirektoratet då vere å sørgje for å tilsetje nok folk med nynorskkompetanse?

– Det kan eg ikkje love, det må vere ei samla vurdering av kompetanse, men det kan vere eit kriterium. Men me må løyse det med dei ressursane me har.

– Inga god forklaring

Liv Kari Eskeland tykkjer ikkje at forklaringa held mål.

– Direktorata har eit heilt klart mandat og plikt til å kommunisere ut sin bodskap på både bokmål og nynorsk. Manglande kapasitet og kompetanse, der alltid nynorsk kjem dårlegast ut, er på ingen måte ei god nok forklaring på kvifor ein ikkje følgjer språklova.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, kommenterer saka slik:

– Alle offentlege organ skal ha kompetanse til å bruke begge språka. Det krev aktive handlingar for å sørgje for at begge språka er synlege for alle, slik lova krev. At me har ein pandemi og knapt med tid kan ikkje vere eit argument for å velje bort det eine skriftspråket. Det gir ikkje meining.

Øvrelid, representanten for nynorskkommunane, viser også til språklova og spør ganske enkelt:

– Kvifor vert det ikkje stilt krav om kompetanse på begge skriftspråk når ein tilset nokon som skal jobbe med kommunikasjon i det offentlege? (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...