Heim Nyhende Litteraturdagane synte krafta i forteljingane

Litteraturdagane synte krafta i forteljingane

Med nye og gamle blikk på Tarjei Vesaas, skeivt kulturår og norsk samtidslitteratur har publikum fått oppleve krafta i forteljingane på Litteraturdagane denne veka, seier arenaleiar ved Vinjesenteret Petra Helgesen.

Litteraturdagane 2022 stadfesta i helga at dette er ein festival med nasjonale perspektiv med solid fotfeste i diktar og kulturbygda Vinje.

Blant høgdepunkta under festivalen var tildelinga av Storegutprisen til Guri Vesaas, konsert med Frode Grytten Beat Band og samtalen med den prisløna Vinjeforfattaren Kjersti Rorgemoen. Det var mykje latter i salen og god stemning.

2240 gjester fekk med seg konsertar, film, føredrag og høgtlesing under Litteraturdagane.

Fredagen var besøkstalet høgare enn tidlegare år, og det var berre på sundagen at det var billettar att å få kjøpt, seier Helgesen i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Me når mange med Litteraturdagane! I tillegg har me passert 1 000 gjester i utstillinga så langt i år. Det er kjekt å kjenne at Vinjesenteret som kulturinstitusjon er kome godt i gang.

Guri Vesaas var stolt mottakar av Storegutprisen. – Eg håpar at prisen kan vere med
på å stimulere til at det blir skrive meir nynorsk litteratur for born, og at det kan vere
med å auke lystlesnaden til born, sa ho i takketala si. Foto: Andre Nesheim

God støtte frå frivillige

Til saman har rundt 30 frivillige vore med under Litteraturdagane. Dei har rigga og rydda, servert og kokt kaffi, køyrt utøvarane, sjekka billettar og vore scenearbeidarar.

Laget Vener av Vinjesenteret og andre frivillige har nok eit år vore med å skape eit svært godt kulturtilbod i Vinje desse dagane.

Kjersti Rorgemoen fortalde om boka «Eit praktisk menneske» i samtale med kritikar
Eivind Myklebust. Foto: Mari Tveit

Skeivt kulturår

Vinjesenteret er ein del av Nynorsk kultursentrum. Stiftinga er ein av dei største aktørane i både Skeivt kulturår 2022 og ikkje minst 125årsjubileet for Tarjei Vesaas.

Vinjesenteret er ein stad der tradisjon og samtid treffer kvarandre, og skapar nye opplevingar. Det er eit viktig og naturleg tilskot til nynorsk skriftkultur, utdjupar Helgesen.

Neste år finn Litteraturdagane stad 25. til 27. august. I mellomtida er det fleire arrangement på Vinjesenteret og utstillinga er ope for publikum gjennom heile året.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...